Handballskule i vinterferien

Du treng ikkje spele handball til vanleg for å vere med. Det blir lagt opp til eit variert opplegg, der borna i tillegg til handball får ta del i aktivitetar som turnøvingar, leik, bading i symjehallen, samt sykkel- og fotturar. Vi ynskjer å legge til rette for positive opplevingar, både sosialt og sportsleg. Ein kan gjerne ta med seg frukost, då det vert lagt opp til å ete i fellesskap kl 08.00.

Ein kan melde seg på dei dagane det passar. Bindande påmelding og betalingsfrist måndag 12.februar.

Påmelding eller spørsmål på e-post til trinebakke@gmail.com

- Hugs å oppgi namn på bornet, alder, tlf.nr til føresett, kva dagar ein ynskjer og evt. opplysningar om matallergiar.

Alder: 1. - 7. klasse
Dato: måndag 19. feb - onsdag 21. feb.
Klokkeslett: 08.00 - 16.00 kvar dag.
Pris: 900 kr for alle dagane, elles 330 kr per dag.

Hilde og Malene frå Storhamar elite kjem, i tillegg til spelarar frå våre eigne damelag!

Tilbake