Oppgåvene til foreldrekontakta:

- vere bindeleddet mellom foreldregruppa og trenarane

- sjå til at spelarlista med føresetteinformasjon er oppdatert

- formidle informasjon frå klubben til foreldregruppa (gjerne gjennom lukka Facebook-gruppe/på e-post/møte)

- organisere dugnader 4 gongar i året (to toalettpapirsal og to loddsal,frå og med 7 år – frivilleg for 6-åringane), dersom ikkje laget har eigen dugnadsansvarleg 

- organisere at foreldre stiller opp på tildelte oppgåver ved miniturnering lokalt eller handballskule

- melde på, organisere og gjennomføre deltaking på miniturneringar i samarbeid med trenar

- møte på trening ved behov (avtal med trenar/informasjonsflyt osv.)

- organisere utdeling av drakter og formidle informasjon om dette

- organisere sosiale tiltak for laget, eller delegere dette til andre føresette i samarbeid med trenar

 

Meir om spelarlista:

Volda handball nyttar spelarlister i Google Drive. Tilgang til den aktuelle spelarlista får foreldrekontaktene tilsendt på e-post. Oppdatert spelarliste ligg i Google Drive som dagleg leiar har tilgong til. Når ein gjer endringar på lista, ser dagleg leiar dette. Dette er også grunnlaget for å sende ut faktura, så det er viktig at slutta spelarar er flytta ned på lista, og at den som skal ha fakturaar står som føresett 1.

 

Meir om turneringar:

Trenar og foreldrekontakt tek ansvar for påmelding, organisering og gjennomføring. For 6- til 9-årslaga, må alle born ha med ein forelder. Eventuelle unntak må avtalast med trenar.

Det vanlege er 3-4 turneringar per sesong. Volda HK betaler påmeldingsgebyr til turneringane. Kostnader knytt til reise vert betalt av foreldra. Volda HK ønskjer at alle lag skal prøve å reise på ei turnering heilt nær laget sin heimstad, ei turnering som er litt lenger vekk og ei turnering som er lenger unna eigen heimstad. Måltavle skal ikkje brukast under miniturneringane, og laget/laga skal ikkje “toppast”.

Handballsesongen for minihandball:

Handballsesongen startar i september/oktober og varer til april/mai (avtale med trenar/laget).

 

Lagkonto:

Laga kan opprette ein konto til sosiale tilstellingar/cupar osb.

Ein vaksen på laget må då opprette konto og ha ansvaret for den (ikkje tilknytta VHK). Dugnad for enkeltlag kan ikkje gå utover sponsorar for Volda handball, eller fellesdugnader for Volda handball. Innbringande aktivitet bør ikkje innebere sal. Flaskepant eller vareteljing, til dømes, er ok, men avtal på førehand, og hald fakturering utanfor VHK. Alle slike dugnader skal godkjennast av styret/dagleg leiar i Volda Handball.