Oppgåvene til foreldrekontakta:

- vere bindeleddet mellom foreldregruppa og trenarane

- sjå til at spelarlista med føresetteinformasjon er oppdatert

- formidle informasjon frå klubben til foreldregruppa (gjerne gjennom lukka Facebook-gruppe/på e-post/møte)

- gi beskjed til dagleg leiar om flytting av kamp dersom laget ikkje kan stille til terminfesta seriekamp.

- hjelpe til med påmelding/organisering rundt turneringar og cupar i samarbeid med trenar og etter retningslinjene til Volda handball

- følgje opp lisenskrav frå 1. januar det året spelaren fyller 13 år, i samarbeid med dagleg leiar i Volda HK.

- organisere dugnader 4 gongar i året (to toalettpapirsal og to loddsal), dersom ikkje laget har eigen dugnadsansvarleg

- organisere at foreldre stiller opp på tildelte oppgåver ved kampar i hallen (sekretariat og kiosk frå og med J/G 11), dersom ikkje laget har eigne sekretariat- og kioskansvarlege (får tilsendt oppsett på kva dagar det gjeld)

- fordele arbeidsoppgåver i samband med damelagskampar (billettsal, «moppeteneste», kioskvakt – frå og med J/G 14)

- lage køyreliste til bortekampar i samarbeid med trenar (spelarane som sit på betaler til den enkelte sjåføren etter eigne satsar – sjå under foreldreinformasjon), dersom ikkje laget organiserer seg med køyrelisteansvarleg

- møte på trening ved behov (avtal med trenar/informasjonsflyt osv.)

- organisere utdeling av drakter og formidle informasjon om dette

- organisere sosiale tiltak for laget, eller delegere dette til andre føresette i samarbeid med trenar

 

Legg merke til at dess eldre laga vert, dess meir organisering er det. Det er tilrådd å dele på jobben, til dømes i foreldrekontakt (informasjon og kommunikasjon), dugnadsansvarleg, sekretariat, kiosk og køyreliste. Det går fint an å kombinere to eller fleire av desse rollene også. Det er også meir sosialt om ein er fleire som deler på organiseringa rundt eit lag.

 

Meir om spelarlista:

Volda handball nyttar spelarlister i Google Drive. Tilgang til den aktuelle spelarlista får foreldrekontaktene tilsendt på e-post. Oppdatert spelarliste ligg i Google Drive som dagleg leiar har tilgong til. Når ein gjer endringar på lista, ser dagleg leiar dette. Dette er også grunnlaget for å sende ut faktura, så det er viktig at slutta spelarar er flytta ned på lista, og at den som skal ha fakturaar står som føresett 1.

 

Meir om påmelding til seriespel og flytting av kamp:


Dagleg leiar melder på laga til serien etter avtale med trenar og foreldrekontakt. Det er viktig å gi beskjed til dagleg leiar så snart som mogeleg dersom laget ikkje kan stille til terminfesta seriekamp. Dette må helst gjerast med ein gong terminlista er kjent. Hugs klasseturar, konfirmasjonshelger og andre store idrettsarrangement (som til dømes Tarecup, Eat Move Sleep) som kan kome i vegen. Elles minst 14 dagar før oppsett kamp.

NB! Om eit lag får bot for å ikkje møte til kamp uten å ha gitt beskjed, dekkjer ikkje klubben dette. Foreldregruppa til det aktuelle laget må då samle inn pengar til dekking av bot.


Meir om turneringar/cupar:


Trenar og foreldrekontakt tek ansvar for påmelding, organisering av deltaking på cup. Volda handball ønskjer at breiddelaga deltek på ein cup/ei turnering med overnatting per sesong, då det er mykje god læring både på banen og utanfor i dette. Foreldregruppa bør takast med i avgjerdene her. Kostnader knytt til reise og cup vert betalt av foreldra. Laget/laga skal normalt ikkje “toppast” før ved 16-års alder (trenar vurderer).


Rutiner ved skade under trening (frå og med 13 år og lisensplikt):


Meld inn skaden i Gjensidige via handballsida. Hugs å lese retningslinjene og gå etter desse.




Handballsesongen for breidde:


Handballsesongen startar i slutten av august/starten av september og varer til skuleslutt i juni for 11-åringane og oppover (10-årslaga avtaler med trenar, men ønskjeleg er ut mai). Cupar blir ofte arrangert i mars, april og mai, eller som oppkøyring til sesong (august).

 

Lagkonto: 

Laga kan opprette ein konto til sosiale tilstellingar/cupar osb. Ein vaksen på laget må då opprette konto og ha ansvaret for den (ikkje tilknytta VHK). Dugnad for enkeltlag kan ikkje gå utover sponsorar for Volda handball, eller fellesdugnader for Volda handball. Innbringande aktivitet bør ikkje innebere sal. Flaskepant eller vareteljing, til dømes, er ok, men avtal på førehand, og hald fakturering utanfor VHK. Alle slike dugnader skal godkjennast av styret/dagleg leiar i Volda Handball.