Entusiasme, trivsel og utvikling!


Volda Handballklubb ønsker å skape vinnarar, både på og utanfor banen!
Dette skal skje gjennom tryggleik, venskap, meistring, utvikling og idrettsglede.
Trenarar, spelarar og foreldre i Volda HK skal fokusere på positive
prestasjonar ut frå spelarens ståstad.

Topp, breidde og allsidigheit!


Målet om 1. divisjon er nådd og draumen om eit framtidig eliteserielag i
Volda lever! Toppsatsinga har gjort handballen meir populær, og
klubben meir kompetent.
Talet på utøvarar har auka frå vel 100 til 300 dei siste åra!
Alle skal kunne nå sin «topp» ut frå sine føresetnader. 


Volda Handball er opptekne av å være ein klubb for alle, og at flest mogleg
held på med idretten lengst mogleg. Derfor har vi seniorlag på 3 ulike
nivå og vi ynskjer også å differensiere tilbodet for J/G 16 år. Vi trur det
er viktig at borna blir stimulert til å drive med fleire type idrettar –
lengst mogleg. Frå og med 12 år tilbyr vi også styrketrening med godt kvalifisert trenar. 

 

Dugnadsånd!


At vi skal være ein klubb for alle, tyder også at handballen skal være ein
rimeleg aktivitet. Klubben organiserer derfor ulike dugnadsaktivitetar
som bl.a. sal av lodd og toalettpapir haust og vår og kiosk-teneste på
arrangement. Dette er du som forelder forplikta til ta ansvaret for.
Innsatsen er ikkje stor, men aukar med barnets alder og aktivitetsnivå.
I Volda HK meiner vi det er viktig å lære borna at dugnad er noko positivt,
og ikkje ei belastning.

 

DUGNADAR

Alle spelarar sel lodd og dopapir i løpet av sesongen. Eit loddsal og eit papirsal om hausten, og det same om våren.
Krav til antal selde lodd og pakkar med dopapir vil stige etter
kvart som spelaren vert eldre. Spelarar på 16-årslag og seniorlag
må også delta på varetellingar og andre dugnadar i/for
klubben.

Laga f.o.m. g10/j10 får 2-4 helgar i løpet av sesongen der dei har
ansvar for drift av kiosken i hallen.
F.o.m. G12/J12 får laga også ansvar for sekretariat 2-4 helgar i
løpet av sesongen.

Dugnad i form av køyring til og frå kampar / turneringar. Sjå eiga side om køyresatsar. 

 

MEDLEMSKONTINGENT OG TRENINGSKONTINGENT

Medlemskontingenten er pr. i dag kr . 100,-

Treningskontingenten for aldersgruppa 10 år er kr. 1000,-

Treningskontingenten for aldersgruppa 11-12 år er kr. 1500,-

Treningskontingenten for aldersgruppa 13-14 år er kr. 1600,-

Treningskontingenten for aldersgruppa 15-16 år er kr. 2100,-

Treningskontingenten for dei som er frå 17 år og oppover (senior) er kr. 2500,-


Treningskontingenten dekker leige av hall/gymsal, utstyr,
trenar m.m.

Frå og med det året spelaren fyller 13 år, må ein også teikne lisens som også inneheld forsikring for å få lov til å spele kampar. Meir informasjon her. 
Toppsatsinga med damelaget er i sin heilskap dekka inn gjennom
sponsoravtaler og billettinntekter.


Ver stolt av klubben og ver stolt av ditt bidrag til klubben, både
på og utanfor bana!