Ein køyrer etter køyreliste, eller fordeler køyringa på flest mogeleg. Den som køyrer må ha hatt sertifikatet i minst fem år og ha køyrety som stettar sikkerheitskrava. Vi vil ha alle trygt både fram og heim. 
 
Dei som sit på betaler til sjåføren etter desse satsane (gjeld tur/retur):
Ulsteinvik, Fosnavåg, Stryn (ikkje ferje) - kr 50,-
Lokale turar med ei ferje (Ålesund, Brattvåg, Giske og liknande) - kr 100,-
Vestnes, Isfjorden, Åndalsnes kr 150,-
Molde - kr 200,-
Kr. Sund - kr 250,-
Trondheim - kr 400,- 
 
Ved cupar er det særskilt avtale.
Privatsjåføren betalar for bil og spelarar på ferjer.
Dersom ein skal nytte klubben sin buss, betalar spelarane same satsane til klubben, men då nyttar ein klubbens ferjekort.
 
På denne måten vert det ei meir rettferdig fordeling av utgiftene. Dette er heilt vanleg i andre klubbar og idrettslag. Ta kontakt med Volda handballklubb (post@voldahandball) dersom noko er uklårt eller vanskeleg å få til. Dersom dette vert for stor kostnad for nokon, så ta kontakt med klubben/foreldrekontakt, så finn vi ei løysing. 
 

God tur, og HEIA VOLDA!