Den tunge døra som går frå gangen/vestibylen og inn i hallen er ei brann- og rømmingsvegdør. Dette set krav til oss  brukarar av hallen. Døra skal alltid vere igjen. Berre når ein har dørvakt, er det lov og la den stå open (som ved billettsal/-kontroll).

Gangen/vestibylen er ein rømmingsveg. Dette gjer at vi aldri må sette frå oss sko eller slenge frå oss jakker/kle rundt omkring på golvet i gangen. Spelarar - store og små og evt. foreldre - skal gå gjennom ei garderobe. Alle skal sette av seg skor og henge frå seg kle/jakker der. Det kjem opp hyller under pokalskapa etter kvart, som foreldre kan nytte til å sette frå seg sko.

Ved brann-inspeksjon, vil alle kle og sko som ligg og flyt, bli fjerna. Er det skikkeleg gale, vil hallen bli stengt!

Her må vi skjerpe oss, la oss bli like flinke til dette, som vi er til ikkje å gå inn i hallen med sko! 

Lykke til!

Helsing Hilde Karin