I vinter har fem lag på aldersbestemt nivå byrja med styrketreningar i det nye styrkerommet i klubbhuset. Gutar og jenter frå 11 til 16 år er i gong med å trene styrke under kyndig rettleiing av seniorspelar og lærar Kine Kvalsund.

Her lærar dei grunnleggjande teknikk og får personleg rettleiing under kontrollerte forhold. To og to går jentene på J15-16-laget igjennom øvingane når vi vitjar klubbhuset ein måndag ettermiddag. På sidelina følgjer Kine med og gir gode råd og oppmuntringar.

–Kva er det viktigaste med å kome i gong med styrketrening i denne alderen?

– Det er heilt klart å få inn rett teknikk. Å få inn god teknikk heilt ifrå starten av trur eg er veldig grunnleggjande for å ha det kjekt, ikkje minst, men også for å forebygge skadar, seier Kine.

Gir ekstra motivasjon

– Korleis har tilbodet blitt teken imot?

– Veldig bra. Eg synest det har kome veldig mange, og dette er eit veldig givande arbeid.

– Når eg spør dei som har vore med, så seier dei at det kan vere hardt, men at det er kjekt i tillegg. Eg trur at du får litt ekstra motivasjon ved å trene i lag med nokon, og spesielt ditt eige lag, at ein gjer noko anna enn berre handball. Det trur eg er positivt for både laget og deg sjølv, seier Kine etter å ha køyrt igjennom økter med dei fem laga i vinter.

Klubben har lagt opp til auka profesjonalisering også av breiddesatsinga, og pløygd ressursar inn i satsingar som dette, der seniorspelarar bidreg som trenarar både i laga og no i det nye styrkerommet i klubbhuset. Strategien er å bygge opp nye spelarar nedanfrå, bli betre på eigenrekruttering og bygge seg opp som eit sterkt regionlag på Nordvestlandet. 

Gir samhald i klubben

Kine seier dette om det at seniorspelarar som henne no arbeider meir med dei yngre i klubben:

– Vi som spelarar synst det er veldig kjekt. Eg trur også at det gir oss litt tilbake i forhold til at dei unge spelarane i klubben vår kjem og ser på kampane våre. Det å sjå opp til nokon på seniornivået trur eg også har ein verdi - at det gir motivasjon til å halde fram og jobbe. Kan hende er det å  kome litt tettare på oss også motiverande.

Sjølv jobbar ho på dagtid som lærar på Volda ungdomsskule, og ser att elevar både i klasserommet og i treningsrommet.

– Det er fint å ha dei litt utanfor skulen også, seier ho med eit smil, før ho held fram med å gi 15- og 16-åringane på treningsmatta instruksjonar og gode råd i styrkerommet.

PS! For dei som vil melde seg på styrketreningane, kan ein melde seg på til halldorstefan@gmail.com. Det ekstra styrketilbodet kostar 75 kr i månaden.