Fem dagar før første opprykkskamp, møter vi Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson og snakkar om kva som ventar når alt skal opp og avgjerast. Etter 22 sigrar i serien kviler ei ro over laget før dei avgjerande kampane mot bergenslaget Gneist, men det også ein skjerpa og klar islandsk trenarrøyst som roleg delar tankar før det spissar seg til.

– Kva slags type motstandar er det som møter oss i dei to kampane mot Gneist?

– Gneist er eit lag som har to sterke skyttarar, to-tre sterke bakspalarar og ein kjempesterk strekspelar. Dei spelar eit aggressivt 6-0-forsvar, og kan byte til andre typar forsvarsspel. Dei køyrer mykje taktisk angrepsspel som gjer at vi må komme oss langt ut og takle dei oppe i bana og stogge dei sterke skyttarane, meiner Halldór.

Søndag kjem bergensarane til Voldahallen for å prøve å stikke kjeppar i hjula for Volda.

Stø kurs

Han vil ikkje dele alt for mykje taktikk før søndagen, men latar til å ha god kontroll på laget som kjem til Volda.

– Kva er fokuset på treningane den siste veka for Volda?

– Vi berre går igjennom det vi har gjort denne sesongen i dei andre kampene. Sjølvsagt vil vi prøve å overraske motstandaren litt og komme med noko nytt inn mot kampen, men stort sett så vil det som har fungert for oss så langt i sesongen også fungere vidare.

Vi møter trenaren rundt eit bord i gangen på hallen. Ved sidan av islendingen ligg dokumentmappa med informasjon. Analysane av motstandaren er gjort og om ei stund skal han saman med Marte Nordnes og Hilde Søyseth trene eit av dei yngre laga.

Vil ha publikumstrøkk

Når vi byrjer å prate om publikum, lyser auga opp. Også Halldor er oppteken av at hallen blir fylt opp av folk på søndag. Å ha eit heimepublikum i ryggen er svært viktig.

– Ja, det er berre så viktig for oss at det blir full hall her. Vi vinn nesten alltid mykje meir på heimebane enn på bortebane berre på grunn av heimebane og støtta frå publikummet vårt. Det er kjempeviktig for oss å prøve å fylle hallen, påpeikar han.

– Dessutan er det kjempekjekt for ei såpass lita bygd å greie å kapre ein førstedivisjonsplass. Det hadde vore fantastisk artig.

To gongar tidlegare har Volda rykka opp, utan å klare å bite seg fast der. Haraldsson meiner at grunnlaget no er mykje betre for å etablere seg på eit høgare sportsleg nivå.

– Det som vi har trua på no er at vi har litt meir stabilitet i laget. Eg trur vi kjem til å halde på alle spelarane og så kan vi styrke stallen litt. Vi har same trenar og vi trur at vi har bygd opp eit betre grunnlag enn dei førre gongane.

– Men det er stor forskjell på første- og andredivisjon og det er berre små marginar som gjer om ein blir nummer fire eller tolv. Så vi må vere på og dersom vi no får mogelgegheit til å spele der oppe, så må vi starte så snart som mogeleg å styrke stallen og trene, seier Halldór.

Nøkkelen ligg i forsvaret

– Kva vil det etter ditt syn vere viktig å styrke?

– Vi har no såpass brei og fin stall at vi eigentleg har spelarar i alle posisjonar, men det handlar nok litt om å auke breidda i stallen. Og så er det alltid eit spørsmål om kva ein kan hente, kva type spelarar som er tilgjengelege der og då. Men vi har eit godt grunnlag, så det er inga krise i nokon posisjon, og det er eigentleg eit ganske bra utgangspunkt, tenkjer han.

Det har vore ein fantastisk sesong der laget har vunne samtlege kampar i seriesepelet. På spørsmål om kva som har gledd han mest, svarar han dette:

– Forsvarsspelet synest eg har vore fantastisk å sjå på. Eg tok tidleg eit val om å spele ein type forsvar som kan hende ikkje mange spelar. Det har vi lukkast bra med og det er eg eigentleg veldig stolt av, medgir han.

Dette som i utgangspunktet er eit 5-1-forsvar, med litt annleis type arbeidsfordeling enn ein er vande med, har vore ei nøtt å knekke for mange motstandarar.

– Og så har vi fleire forsvarstypar som vi kan bruke også, så forsvars- og keeper-spelet har gitt oss alle desse kontringane og mogelegheitene til å skifte tempo i kampen, forklarar Halldór.

På søndag frå klokka 16.00 veit vi litt meir om Volda kan halde fram sigersrekka, før mykje vert avgjort i bortekampen i Sandslihallen i Bergen onsdag ettermiddag.