I samarbeid med journalistutdanninga i Volda og Sunnmørsposten blir kampen dekt av eit TV-team frå høgskulen. 
 
Volda handballklubb har gleda av å invitere sponsorar, spelarar, trenarar, oppmenn og foreldre (så langt det er plass), til å følgje det som kan bli klimakset i sesongen direkte i amfiet på Porse.
 
Lone (biletet) og dei andre kan du dermed følgje på storskjerm, og få med deg dramaet direkte i lag med alle klubben sine entusiastar i det som kan bli ein opprykksfest.
 
Oppmøtet er klokka 17.30, og sendinga frå Bergen byrjer klokka 17.45. Kampstart er kl 18.00.
 
NB! Alle må møte i klubbgensar, då det er mange sponsorar som kjem til å vere der.
 
PS! Kampen vert også sendt på Sunnmørsposten sine nettsider (abonnement).