Marte Lausund Nornes har signert ei ny eittårskontrakt med Volda Handball, medan Maria Ulla har skrive under på ei toårskontrakt med klubben. Dermed er to viktige brikkar på plass før klubben skal forsvare plassen på landets nest høgaste nivå.

Sterk begge vegar

Både bakspelaren Marte og kantspelar Maria har vore viktige spelarar i ein sesong der laget suste igjennom både serie og kvalik utan anna en sigrar. No ventar tøffare motstand, og difor er trenar Halldór Stefán særs nøgd med signeringane:

- Marte har hatt stor utvikling den siste sesongen og er ein veldig viktig spelar for oss. Ho er ikkje berre rask fram i kontra, men også ein sterk forsvarsspelar - ein eigenskap som ikkje mange vingar har.

- Maria har som mor mykje å gjere, så vi er veldig glade for at ho velgjer å satsa med oss vidare, seier Halldór.

- Kan bli spennande spelar

Også Marte Nornes har hatt stor framgang på bana det siste året.

- Ho har utvikla seg veldig mykje sidan ho kom hit frå Ålesund. Marte hadde ein nøkkelrolle i laget siste sesongen, og blir ein viktig spelar for oss neste sesong i førstedivisjon. Vi gler oss til å sjå Marte utvikle seg vidare med oss og håper ho blir den meget spennande spelaren ho kan bli!