Vi må holde hallgolvet reint, - dette gjer vi med å ikkje bruke utesko i hallen. I vekene på trening eller på skulen, tek vi av oss skoene i garderoba eller ute i vestibyla. Som de sikkert har sett, er der store skilt på dørene som viser at ute-skoene ikkje skal vere med inn i hallen.

Skadde spelarar

Grunnen til at vi  ta tak, er at seks jenter/damer har fått øydelagt knea sine i løpet av dei to siste åra. Korsbanda har slitna, pga at golvet har vore glatt. Dette fører til operasjon og minst ett år med igjen opptrening.

Ikkje gå inn på bana

Når vi har kampar, går vi aldri ut på handballbana med utesko. Vi kjem til å lage fleire sperringar på alle kampar, slik at de blir minte på at de ikkje må gå inn på bana.

Hjelp oss med og minne andre på at dei ikkje må gå inn på bana med utesko!

Håper at alle hjelper til med dette, slik at ikkje fleire av våre unge får slike skader.