Den 9. juni kjem elite-målvakta Daníel Freyr Andrésson til Volda, og vi inviterer målvakter mellom 14 og 18 år på keeper-skule.

Daníel har ei rik karriere bak seg:

  • Spelar til dagleg for den svenske eliteserieklubben Ricoh Handbollsklubb
  • Har landskampar for Island
  • Har spelt i danske SønderjyskE
  • Islandsk meister med FH 2011

Planen er å jobbe med grunnferdigheiter, og treninga blir kl 12-13.30 i Voldahallen laurdag 9. juni.

Påmelding til Halldór Stefán Haraldsson på halldorstefan@gmail.com