Den polske landslagsspelaren Aleksandra Zimny (22) har signert for Volda.

Ho har den siste sesongen spelt for eliteserieklubben Storhamar, som vann bronse i årets eliteserie. Der vart ho mellom anna kåra til banens beste spelar i semifinalen i sluttspelet mot Larvik, der ho scora fem mål.

Verdig Storhamar-exit: Banens beste i sin siste kamp

Aleksandra er fødd i 1996, og kjem første året på utlån frå den polske klubben Pogon Baltica Szczecin. Ho er ein 188 cm høg venstreback som siste sesongen har vore på utlån til Storhamar.

Riegelhuth-konkurrent

– Vi har skrive ein toårskontrakt der det første året er på utlån frå hennar polske klubb, seier sportsleg leiar Bent Ingebrigtsen i Volda handballklubb.

Han gler seg over forsterkinga og trur ho kan ta store steg under kyndig leiing av trenar Halldór Stefán Haraldsson.

– Ho passar godt inn i det unge laget vårt. Det er ein spelar med eit stort potensiale som nok ikkje har fått dei rette mogelegheitene til å utvikle seg i Storhamar, der ho har konkurrert om plassen mot Betina Riegelhuth, påpeikar Ingebrigtsen.

Var aktuell for fleire

Aleksandra Zimny spelar på det polske landslaget, og var på samling med landslaget så seint som sist helg.

Også trenar Halldór er nøgd med signeringa:

– Eg er veldig nøgd med at Aleksandra valde Volda. Vi veit at ho har vore på besøk i store klubbar og det at ho vel Volda viser at vi jobbar på ein bra måte og er ein profesjonell klubb, seier han.
 

Volda = utvikling

Han peiker på at Aleksandra passar veldig bra inn i spelargruppa. Ho er på same alder som resten av spelarane og i tillegg er det ei kjekk jente som resten av gruppa.
 
– Vi var enig med ho om at vi kan hjelpe ho å utvikle seg her i Volda og det passar godt med klubben sine mål om å utvikle unge spelarar, seier Halldór.