Fride Heggdal Stølen har signert ei toårskontrakt med Volda handballklubb.

Strekspelaren som er fødd i år 2000, kjem frå Midsund, men spelte med Molde i fjor. No er ho klar for å kle på seg Volda-drakta.

- Fride er ein særs spennande strekspelar. Ho er eit stort talent som vi trur kjem til å utvikle seg masse her i Volda, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson.

18-åringen vert karakterisert som ein tovegsspelar med høge ambisjonar, som har lyst til å utvikle seg vidare og difor valde å signere for Volda.

- Ho er ein ekstremt sterk angrepsspelar, og kan i tillegg spele i alle posisjonar i forsvar, seier Haraldsson.