Volda held fram med å styrke stallen og har no signert ei kontrakt på to år med 19-åringen Ingrid Jamtli Rye.
 
Jamtli Rye kjem frå Spjelkavik, der ho var ein nøkkelspelar på ålesundsklubben sitt tredjedivisjonslag i fjor.
 
– Vi i Volda er svært nøgde med at Ingrid valde Volda som neste stad i si utvikling som handballspelar, og vi kjem til å gjere alt vi kan for å utvikle ho vidare, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson.
 
Jamtli Rye er ein venstre bakspelar, fødd i 1999, og har trent med førstedivisjonslaget i det siste. Der har ho gjort så godt inntrykk at det enda med kontrakt.
 
Vi ønskjer ho hjarteleg velkommen til klubben og nye utfordringar!