Nyleg skreiv Ingrid Jamtli Rye under for Volda, og kort tid etter er endå ein nye spelar sikra: Auria Ann Ose har no signert ein to år lang avtale med klubben. 
 
Auria er ei Volda-jente, men spelte berre ein kamp for klubben i fjor fordi ho var i opptrening etter ein korsband-skade. 
 
Ho er ein fleksibel spelar som kan brukast på fleire plassar på bana, enten det er som ving eller som bakspelar.
 
– Vi er veldig nøgde med at Auria held fram med handball etter den vanskelege skaden. Det viser innsatsvilje og det er akkurat det vi ynskjer å ha i laget, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson i ein kommentar til signeringa.
 
Les også: Hentar bakspelar frå Spjelkavik