Handballskulen er for alle 6-9-åringar anten dei allereie går på handball, eller er heilt ukjende med idretten. Laurdag vil spelarar frå damelaget vere instruktørar, og borna kan få utfalde seg i Voldahallen eit par timar. 
 
 
6- og 7-åringane (2012/2011) er velkomne frå 10.00-12.00
8- og 9-åringane (2010/2009) er velkomne frå 12.30-14.30
 
 
Ta med vatn, innesko og mjuke kle. 
 
Det vert open kiosk.
 
 
Påmelding til elisabeth.mork@gmail.com med namnet på barnet, fødselsår, kva skule han/ho går på og telefonnummer til ein av dei føresette.  Vi må ha påmeldinga innan torsdag 30. august. 
 
Ser dykk laurdag 1. september!