I Voldahallen var det yrande liv denne laurdagen. Trass konfirmasjonshelg i Volda og til tider brukbart sunnmørsvér, tok omlag 80 born turen til Voldahallen for å gå på handballskule. Det set Volda handballklubb stor pris på! Dei handballglade borna var delte i to puljer. 1. og 2. klassingar frå 10-12, og 3. og 4. klassingane var i aktivitet frå 12.30-14.30. Kjekt var det frå ende til annan! Variert stasjonsaktivitet først, og så handballkamp på fire baner etterpå. Det vart svært spennande kampar med stor entusiasme frå spelarane.

Handballdamene stilte velvillige og blide opp og hadde kyndig hand om opplegget som Halldór har laga. Veldig kjekt for store og små! I kiosken gjekk svelene, baguettane og kakene unna. Ein kaffi til dei vaksne var også råd å få tak i. Takk til blide damer i kiosken, som skapte god stemning, og takk til dei som leverte mat denne dagen. I løpet av september startar laga med treningane sine. Her på heimesida finn ein laga sine sider med treningstider under "Breidde".