Vi har slått av ein prat med trenar Halldór Stefán Haraldsson før kamp nummer tre i førstedivisjon. Med full pott etter to kampar, står Volda føre ei lang reise til Tønsberg, der dei møter Flint søndag kl 15.00.

– No skal de møte Flint Tønsberg på søndag, kva veit vi om Flint?

– Flint kom også opp frå andredivisjon før sesongen og tapte berre ein kamp i serien i fjor. Dei slo Ålgård i kvaliken til førstedivisjon og rykka opp. Dei har eit veldig spennande lag med flotte backspelarar og gode målvakter. Det er også god stemning i Tønsberg og mange som stiller opp på kampane deira. Dei er difor veldig sterke, spesielt på heimebane.

To på landslagssamling

– Korleis har du brukt dei siste to vekene før denne kampen?

– Vi har prøvd å trene så godt som mogeleg. Det er klart at når to sterke spelarar, Aleksandra Zimny (Polen) og Thea Imani Sturludóttir (Island), er vekk på landslagssamling så blir det litt lite folk på trening. Med også Lone og Vanessa skadd, så har dei siste treningane kanskje ikkje vore akkurat som eg hadde håpt på, medgir Halldór.

– Men vi fikk tid til å jobbe med andre ting. Vi får tilbake ein del spelarar på torsdag og kan bruke dei torsdag og fredag til å gjere oss klare for kampen inn mot helga.

Nulltoleranse for å slappe av

– Volda har teke fire poeng av fire mogelege i sesongstarten, kor viktig er det med ein sterk start på sesongen?

– Veldig viktig. Det er mykje lettare for mentaliteten å ha poeng i bagasjen. Men det blir spennande å sjå på søndag korleis vi handterer den fine starten på sesongen. Det kan gå alle vegar, men eg håpar og trur at jentene skjønar at vi må jobbe i sju månader til før sesongslutt, og vi er ikkje i nærheita av dei måla som vi sette oss før sesongen, så her må det jobbast, slår Halldór fast før laget reiser til Vestfold i helga.

Flint vann sin førre kamp heime i Tønsberghallen med komfortable 27-19 over Førde. Dei står med to poeng etter to kampar.

Sjekk tabellen: Volda og Sola toppar etter to runder