Volda slo Tønsberg-laget 21-20, og ligg med det på topp i førstedivisjon saman med Sola, begge med seks poeng etter tre kampar.

Volda fekk eit forsprang på Flint tidleg i kampen, og trass i ein del tekniske feil og bomskot frå jentene sin side klarte aldri heimelaget  å ta dei igjen.

– Hilde sto fantastisk bra i mål og gjorde at vi fekk mange fine kontringsmogelegheiter, seier Pernille Holsvik Ingebrigtsen til voldahandball.no etter kampen.

Dramatiske sluttminutt

Særleg Auria klarte å utnytte desse kontringane og ho hadde ein veldig fin kamp. Ho noterte seg for fem scoringar og vart Volda sin toppscorar.

Dette var ein vanskeleg bortekamp, og jubelen sto naturlegvis i taket då sigeren var sikra etter nokre dramatiske sluttminutt.

Trenar Halldór er ikkje heilt nøgd med kampen, sjølv om siger og to poeng sjølvsagt varmar:

– Vi spelar veldig bra dei første 20 minutta og har full kontroll i kampen både i forsvar og angrep, men så startar vi å bomme mykje på fine sjansar. Då kollapsar angrepsspelet, synest eg.

Ein dårleg dag på jobben

– Vi prata om det i pausen, at vi må halde tempoet oppe i kampen. Men likvel roe ned når vi ikkje får gode sjansar. Eg tykkjer ikkje vi følgjer den strategien og rotar vekk ballen alt for ofte når vi køyrer framover, seier han.

– Det som er positivt er at vi vinn sjølv om vi har ein dårleg dag på jobben. Forsvarsspelet held, og Hilde var fantastisk i mål. Det tar vi med oss vidare, men vi må jobbe med angrep og spelet framover til veka. Så skal vi prøve å gi Sola skikkeleg kamp i Voldahallen!

Sjekk tabellen her