Volda får søndag besøk av tabellnabo og den store opprykkskandidaten til eliteserien: Sola.

Vi har bedt trenar Halldór Stefán Haraldsson og sportsleg leiar Bent Ingebrigtsen om å teikne eit bilete av kva som møter Volda i hallen søndag ettermiddag:

– Dette er opprykkskandidaten, med fantastiske spelarar i alle posisjonar. Vi møter det beste laget som vi har møtt i seriespel så langt dei siste to åra, seier Halldor om Sola-laget.

Det er sterke namn og kjende profilar i stallen.

– Alle kjenner Camilla Herrem og Tonje Nøstvold, men i tillegg så har dei Malin Holta som har spelt proff i Frankrike, Line Eilertsen som har vore ein av nøkkelspelarane i J98-landslaget for Noreg, som faktisk kan skyte like bra med begge hender, fortset han.

Har du fått med deg duellen mellom Kine og Marte? Få deg en latter her: 

Tempo og kvalitet

– Kva type spel er det dei står for?

– Sola spelar eit veldig flott og aggressivt 6-0-forsvar, med ekstremt tempo i spelet. Dei brukar alle mogelegheiter til å køyre kontra. I etablert angrep så har dei spelarar med utruleg speleforståing, som løyser oppgåvene heilt perfekt, skryt Halldór.

At Sola slo ut Larvik i NM, seier eigentleg alt.

– Sola blir ein veldig tøff motstandar, og alt må klaffe for at vi skal vinne denne kampen, meiner han.

Sjekk tabellen: Dette blir eit toppoppgjer

Har ingenting å bevise

Også sportsleg leiar Bent Ingebrigtsen meiner dette blir ei stor, men flott utfordring for Volda.

– Sola har seriens beste lag, spelar for spelar. To olympiske meistrar! Difor er Volda definitivt David mot Goliat. Kan 16 noviser lure Sola sine stjerner? Vi er nybyrjarar, medan Sola er etablerte stjerner, påpeikar Ingebrigtsen.

På den andre sida:

– Vi har ingenting å bevise, medan dei har mykje å forsvare…

Kampen går søndag kl 15.45 i Voldahallen! Billettar kan kjøpast på førehand hos Tikkio

(Foto: Sola Håndballklubb)