Etter å ha leia kampen igjennom, enda det med firemålsmargin i vår favør.

Dermed reiste jentene seg fint etter heimetapet mot sterke Sola i folkefesten i Voldahallen sist søndag, og bit seg fast i toppen av divisjonen. Med denne sigeren ligg Volda på tredjeplass, bak Sola og Aker.

Sjå bileta frå borteturen i bildekarusellen over!

Meget sterk bortesiger

Medan Ålgård hadde ein spelar som stort sett scora måla sine, viste Volda ei langt større breidd i stallen, der fleire tok ansvar og der registeret var større enn hjå heimelaget. Pernille Holsvik Ingebrigtsen vart toppscorar for Volda med sine åtte mål, der fem av dei kom i andre omgang.

– Jentene gjør en kjempebra jobb i dag mot eit sterkt Ålgård-lag, i ein fullsett bortearena med mykje stemning, seier ein stolt trenar Halldór Stefán Haraldsson til voldahandball.no.

Han peikar på lagånden når han skal forklare prestasjonen.

Volda hadde mest lyst

– Første omgang var litt opp og ned, men i andre omgang syntes eg vi var mykje meir på. Det var meir fighting spirit i laget og vi var det laget på bana som hadde mest lyst til å vinne kampen, seier han.

– I tillegg så spelar Lone Vik ein vanvittig bra kamp i angrep og i forsvar, skryt han.

Resultatet gjer at Volda no står med åtte poeng etter fem kampar i førstedivisjon. Den uttalte målsettinga er å stå i divisjonen, og ein vil statistisk sett greie det med 16 poeng ved sesongslutt. Ålgård hadde før kampen mot Volda også seks poeng, så det var eit godt lag som blei slått på bortebane denne runda.

Sjekk tabellen: Volda på kvalik-plassen

 

KAMPFAKTA:

Ålgård - Volda 25-29 (13-15)

VOLDA:
Hilde Søyseth, Auria Ann Ose (1), Kine Kvalsund, Fride H. Støylen, Ingrid J. Rye, Marte L. Nornes (6), Hanna Ræstad (1), Pernille H. Ingebrigtsen (8), Elin U. Sætre (1), Lone Vik (7), Maria Ulla (2), Thea Imani Sturludottir (1), Aleksandra Zimny (2).

Toppscorar Ålgård:
H. Morlandstrø, 15 mål

Utvisningar:
Ålgård: 1 x 2 min
Volda: 2 x 2 min

Humør i troppen: Har du fått med deg denne duellen mellom Pernille og Fride?