Fire sigrar på fem kampar har gitt Volda ein flott start på førstedivisjon. Berre Sola har vorte for sterke så langt.
 
Når Follo kjem til Volda på søndag, er det duka for nok eit interessant og krevande oppgjer for Volda-damene.
 

Ein tøff motstandar

 
– Kva er det som ventar oss med Follo på motsatt banehalvdel?
 
– Follo er veldig temposterke. Dei har fire gode bakspelarar, sterke kantspelarar og god målvakt, analyserer trenar Halldór Stefán Haraldsson.
 
Volda-trenaren meiner det blir ei spennande oppgåve å prøve å stoppe kontringane til Follo. I tillegg blir det ei utfordring å klare å finne vegen til mål i angrep for Volda.
 
– Dei spelar nemleg også eit aggressivt og sterkt 6-0-forsvar, meiner Halldor.
 

Kan fylle hallen på ny

 
– Korleis har denne veka vore på trening?
 
– Treningsveka vår har vore veldig god, og eg trur spelarane er klare til kamp. Vi får no måle oss mot eit topp førstedivisjonslag.
 
– Det har vi ikkje gjort til no. Sola er jo eit godt eliteserielag som spelar i førstedivisjon, påpeiker han.
 
Volda har no tredjeplassen på tabellen, medan Follo følgjer på plassen bak, med eitt poeng mindre enn Volda. Med andre ord er det snakk om eit topp-oppgjer.
 
Follo kjem frå to sigrar på rad heime, mot Førde og Stabæk, men dei vart slått av Charlottenlund borte i Trondheim. Dei har også ein uavgjort-kamp borte mot Aker bak seg.
 
Kampen mot Follo går i Voldahallen søndag kl 17.30. Du kan kjøpe billettar på førehand på Tikkio ved å klikke her.
 
Slik gjekk det då Camilla Herrem og Sola vitja Voldahallen for to veker sidan: