
Deler du vår draum og vår entusiasme om å utvikle Volda Handball til ein etablert klubb i Rema 1000 ligaen? Har du kompetanse, erfaring og arbeidskapasitet til å utvikle nye talent og løfte laget vidare til nye høgder?
Vår draum om spel i Rema 1000 ligaen vart ein realitet i 2022. Klubbens hovudtrenar Halldor Stefan Haraldsson søkjer no nye utfordringar etter sju gode år i Volda, der klubben har tatt nye steg kvart år. Vi ser etter ein ny hovudtrenar som kan bidra til å utvikle laget vidare, og bidra til at klubben etablerer seg over tid på øvste nivået i Noreg.
STILLINGA
Dette er i utgangspunktet tenkt som ei 100% stilling, men deltidsstilling kan vere aktuelt opp mot stillingsinnhald og ansvar etter nærmare avtale. Som hovudtrenar vil ein også vere ein sentral ressurs overfor breiddegruppa med ansvar ma. for trenarsamlingar i lokalmiljøet og som ein del av sportsleg utval.
DU
- Entusiastisk, inspirerande og ambisiøs
- Tenkjer heile klubben
- Kompetent med erfaring frå topphandball, trenar 4 utdanning
- Strukturert og ryddig
- Sterk på relasjonsbygging og likar å jobbe i team
VOLDA HANDBALL
Volda Handball har ei spennande historie etter at klubben etablerte eit satsingsprosjekt og ein draum om eliteseriespel for damelaget. Dette har resultert i at Volda i dag er den leiande staden for handballsporten på Sunnmøre. I tillegg var bygging av Volda campus Sparebank 1 arena, som kanskje er den flottaste handballarenaen i Noreg, ein direkte konsekvens av Volda Handball si toppsatsing.
- Bygd på verdiane entusiasme, trivsel og utvikling
- Breiddeklubb for jenter og gutar, toppklubb for damer
- Målretta og systematisk arbeid i 20 år med ein berande visjon om eliteseriespel
- Tilbyr ein av landets flottaste arenaer, spesielt tilrettelagt for både breidde- og topphandball. Ein arena som er eigd av Volda Handball og KFUM Volda Volley gjennom selskapet VCA as
- Blant dei klubbane i Noreg med flest publikum
- Dugnadsånda står sterkt
- Ordna økonomi med stort engasjement frå lokalt næringsliv
VOLDA
- Sentrum på Søre Sunnmøre, ca 70.000 innbyggjarar i nærområdet
- Flyplass 10 minutt frå Volda, regional flyplass i Ålesund (90 min)
- Høgskule med ca 4.500 studentar
- Sjukehus
- Rikt kultur- og idrettsliv
- Fantastisk natur utanfor utgangsdøra
- God barnehagedekning, nye barne- og ungdomsskular, vidaregåande skule
SØKNADSFRIST OG TILSETTING:
Snarast og prosess rundt tilsetting vert sett i gang så snart aktuelle kandidatar har søkt. For meir informasjon om stillinga kontakt Bent Ingebrigtsen.
Søknad sendast til bent@ingebrigtsen.me, mobil 976 66 520