Klar for kvalik
Onsdag 10. mai er det klart årets hittil viktigaste kamp. Då skal Volda møte oslo-laget Oppsal til fyrste kvalikkamp, der laget som er best av tre kampar skal spele i Rema1000-ligaen neste sesong. Vi har spurt Halli om korleis laget har førebudd seg framfor denne kampen.
– Oppsal har hatt ein bra sesong i årets 1. divisjon, og var berre eitt poeng frå direkte opprykk. Dei endte på tredje plass og skal derfor møte oss i kvalik. Oppsal har mykje fart i laget, og er kanskje eitt av 1. divisjons beste lag i ankomstfasen. Dei har ein del spelarar som har erfaring fra eliteserien i fjor, mellom anna Nora Løken, Mille Porsmyr, Amalie Haug, Kristin Halvorsen og Mari Stensrud.
– Vi har trent godt dei siste vekene med fokus på fysikk, og vi har også fått nokre økter mot Ravens og Aker til å skjerpe litt på kampformen.
– Heimebanefordelen er viktig for oss, men då må vi klare å få så mykje folk som muleg på kamp. Publikum er ein veldig viktig del av oppgjeret, og eg reknar med at alle på Sunnmøre har lyst til å få meir Eliteseriehandball neste sesong i Volda. Så folk må møte opp og skape skikkelig stemning!
– Alle spelarane er gira og gler seg til å kome ut på bana igjen. Vi skal gje alt i desse kampane med mål om å vinne oppgjeret mot Oppsal og spel i Eliteserien også neste sesong!
Vi vil skape ein folkefest. Derfor vil det bli GRATIS inngang for alle BARN (0-18 år) som har på DRAKT (alle drakter; for eksempel klubbdrakt, fotballdrakt, korpsuniform ol.) I tillegg vil alle i RUSSEDRAKT få gratis inngang. Alle desse kan berre kome på kamp, og treng ikkje tenke på å kjøpe billett.
Kampstart er 10. mai kl. 18.30 i Volda campus Sparebank1 arena.