Ny dagleg leiar i Volda handball
Solveig Storeide er tilsett som ny dagleg leiar i Volda handball. Ho vil ha ei sentral rolle i å utvikle klubben vidare, og ha eit spesielt ansvar for breiddesatsinga.
Velkomne til Årsmøte 29. mars
Her finn du sakliste og alle sakspapira til Årsmøtet i Volda Handballklubb. Vi ynskjer alle medlemmar velkomne!
Stor stas på handballskule!
I vinterferien fekk Volda-framtida boltre seg i hallen. Leik og idrettsglede sto på timeplanen, og dei eldste jentene fekk prøve seg som instruktørar.
Velkomen til Årsmøte 29. mars
Styret kallar inn til Årsmøte i Volda Handballklubb. Møtet vert helde på Volda Campus Sparebank1 Arena, tysdag 29.03.2022 kl. 20.00.
HURRA! Det vert handballskule i vinterferien!
I år som i fjor vert det handballskule i vinterferien for born i alderen 6 - 11 år. Det vert varierte aktivitetar, garantert kjekke dagar med gode vener og flinke instruktørar. Pris: Kun 200 kroner!
Kostnader ved medlemskap i Volda Handball
Innkalling til ekstraordinært årsmøte i Volda Handballklubb
Tid: Torsdag 10. juni kl. 20.00.
Stad: Volda campus Sparebank 1 arena.
Årsmøte 18. mars kl. 20.00
Årsmøte i Volda Handballklubb.
Som tidlegare annonsert vert det årsmøte 18.03.21 kl. 20.00 på Volda Campus Sparebank1 Arena. Grunna smitteverns-reglar må alle som vil delta, melde seg på. Dette gjer de ved å sende ei melding til post@voldahandball.no .
Alle medlemar får tilsendt mail via mailadressa som er registrerte med i NIF. I den mailen legg vi med årsmeldingane.
Helsing styret
Hugs utlevering av toalettpapir 11. mars
Henting av toalettpapir er i Propellhallen 11. mars, sjå info.
Innkalling til årsmøte 18. mars
Styret kallar inn til årsmøte i Volda Handballklubb som år blir på Volda campus Sparebank1 arena, torsdag 18.03.2021 kl. 20.00.
Handballskule i vinterferien!
Ettersom det i år ikkje er anbefalt å reise bort i vinterferien, så tilbyr vi HANDBALLSKULE for alle i alderen 6 - 14 år. Handballskulen skal vere i vår nye flotte arena og vil bli leia av Volda handball sine beste instruktørar. Velkomen til tre kjekke og lærerike dagar, sjå annonse og meld på så fort som råd!
Ta med ein ven på trening!
I veke 5 (1. - 5. februar) inviterer Volda handball til veneveke. Då vil vi at dei som til vanleg ikkje spelar handball skal få lov å prøve seg på denne kjekke idretten! Vi vil difor oppmode deg til å ta med ein ven på trening desse dagane!
Oppstart av trening igjen 20. januar
Endeleg kan vi trene igjen! Regjeringa har opna opp for at trening for aldersbestemte lag. Vi fylgjer retningslinjene og startar førstkomande onsdag 20. januar.
Kjøp billett til Volda - Follo 13. januar kl. 18.30
Onsdag 13. januar klokka 18.30 er det klart for ny heimekamp for Volda som då møter serieleiar Follo med mellom anna Hilde Søyseth på laget.
Volda - Nordstrand
Komande søndag møter Volda det gamle storlaget Nordstrand i den fyrste på nyåret.
IKKJE treningar for aldersbestemte lag framover til den 18.01.
Pga nye nasjonale retningslinjer for smittevern køyrer vi IKKJE treningar for aldersbestemte lag framover til den 18.01.
Trekningsliste for julelotteriet
Det har vore trekning i julelotteriet, og nokon heldige vinnarar kan vente seg ei ekstra julegåve. Volda handball takkar alle som har kjøpt lodd og på den måten støtta våre unge handballspelarar.
Langevågspelar har signert for Volda
Kristin Fladmark Skarbøvik (f. 2001) har signert ei toårskontrakt med Volda Handball gjeldande frå juni 2021. Kristin er opphaveleg frå Aksla kor ho har spelt handball sidan ho var 10 år. Før inneverande sesong skifta ho klubb til Langevåg IL.
Volda handball 75 år: Live-sending 18. desember kl. 19.30
Volda Handball sender Live frå Volda Campus sparebank1 Arena fredag 18.desember kl 1930. Vi skulle hatt ein stor fest, men enn så lenge må vi feire digitalt. Det gjer vi med ei livesending direkte frå vår nye Arena. Dette vert ei flott oppkøyring til semifinalen i EM som startar kl 2030.
Nye retningslinjer for smittevern i Voldahallen
Det er opna oppatt for å arrangere handballkampar for Bredde for 20 år og nedover i alder. Minihandballarrangement er eit unnatak, det er stengt ut november.