Arrangement og årshjul

Heimekamp i førstedivisjon søndag 10. november 2019

Voldahallen 10. november 2019
Les meir

Heimekamp i ØRSTAHALLEN onsdag 30. oktober klokka 18

Kampen er flytta til ØRSTAHALLEN grunna røykutvikling i Voldahallen tidlegare på dag. Kom og sjå Voldadamene mot Rælingen på heimebane onsdag kveld. Vert sigersrekkja broten? Det er 8. plass på tabellen mot førsteplassen, men Rælingen har overraska før, og dei har skåra fleire mål enn Volda hittil i serien. Vi treng publikum si hjelp her.
Les meir

Grane Arendal - Volda i Granehallen søndag 20. oktober

Klokka 13 på søndag går femte kamp i serien av stabelen i Granehallen. Er du i området, så kom og hei på Volda!
Les meir

Handballskule haustferien 2019

Velkomen til handballskule i haustferien! Instruktørar:  1.divisjonslaget, Halldór Stefán Haraldsson og Tommy Bjørnerem Furuli.
Les meir

TUSSA KEEPERSKULE

TUSSA KEEPERSKULE FREDAG 14. JUNI OG LAURDAG 15. JUNI Daniel Freyr Andrésson kjem til Volda handball for å ha målvakttrening for målvakter mellom 14 og 16 år. Det vert to treningar for ei gruppe med maks 10 deltakarar. ØKT 1: Fredag 14. juni kl. 17.00 - 18.15 i Voldahallen ØKT 2: Laurdag 15. juni kl. 12.30 - 13.45 i Voldahallen
Les meir

Sesongens handballfest

Handballfest. Vi har lyst til å avslutte sesongen med ein fest i Voldahallen. Vi oppfordrar alle trenarar, oppmenn, foreldre og andre støttespelarar til å melde seg på og nyte kvelden med oss.
Les meir

Ope møte for Volda J-18 og 3. divisjon

OPE MØTE FOR VOLDA J18 + 3. div (SPELARAR FØDDE 2002 og eldre) Vi inviterer gamle og nye spelarar som er interesserte i opplegget rundt Volda J18 og 3. div kommande sesong, til informasjonsmøte onsdag 1. mai kl.19.00 i festsalen på Volda vidaregåande skule.
Les meir

Tren med elitespelarane i vinterferien!

Grip sjansen og bli inspirert! Påmeldinga er open no.
Les meir

Minihandballturnering i Voldahallen

Set av søndag 3. februar. Då blir det minihandballturnering for jenter og gutar i alderen seks til ni år.
Les meir

Gratis handballskule laurdag 1. september

Har du born som er fødde i 2009, 2010, 2011 eller 2012 (6-9 år)? Kjenner du nokon 6-9-åringar som har lyst til å prøve handball? 
Les meir

Bli med på trening med elite-målvakt

Unge keeper-talent får trene med islandsk toppspelar.
Les meir