Lisens

Dei som har betalt lisens tidlegare får tilsendt lisenskrav pr.mail (sjekk at korrekt e-postadresse er oppgitt på minidrett.no). Dagleg leiar i klubben legg inn 13-åringane i lisenssystemet og spelarane vil få tilsendt lisenskrav. Alle MÅ nytte KID-nr ved betaling av lisens.

Meir info om lisens og kva den dekker finn ein på www.handball.no under «Lisens og forsikring». 

Dersom du tidlegare har betalt lisens, finn du krav om du loggar inn på minidrett.no

Vi tilrår Lise+-lisens for å få den forsikringa ein treng. 

Skade

Melde skade
Har du lisens, er du også forsikra i Gjensidige. 

Gjensidige Idrettsforsikring, telefon 98 70 11 15

Melde skade

For spelarar under 18 år må skademelding fyllast ut av føresette. Hugs at den som melder skaden må ha BankID brikke eller BankID på mobil.

Dersom spelaren er under 13 år (ikkje lisenspliktige), er dei forsikra kollektivt gjennom klubben. Får desse spelarane skader som ein trur kan gje seinskader, er det lurt å melde frå om skaden, slik at ein har rett på erstatning seinare. Dersom skaden ikkje er meldt inn i utgangspunktet, får ein heller ikkje erstatning ved seinskader. 

Skader kan meldast inn her. Snakk gjerne med dagleg leiar i VHK først.