Kioskansvarleg er ansvarleg for å: 

  • Hente pengeskrinet og nøklane hos kioskansvarlig Margrete Gotteberg Wetterhus, Vevendelvegen 43, (mobil  913 58126), etter avtale.  
  • Henge opp garderobefordeling (ligg saman med pengeskrinet)
  • Låse opp hallen og kiosken. 1 time før kampstart første kamp. (Om 1. div. kamp er sett opp som dagens første kamp, skal hallen og kiosken låsast opp 2 timar før kampstart.)
  • Låse hallen etter at arrangementet er slutt for dagen
  • Telle opp kassa etter arrangementets slutt saman med ei av kioskvaktene.
  • Sette omsetjinga inn på klubben sin konto i banken. 3991.51.33189
  • Levere pengeskrinet og nøklane til kioskansvarleg Margrete Gotteberg Wetterhus etter avtale. 
  • Sette opp vaktlister og sjå til at dei som er sett opp møter.
  • Selje billettar til alle breiddearrangement:.
    • Vaksne kr 50,-  Student/elev  kr 30,- Barn (tom 16 år): gratis 
  • Selje billettar 3. div damer og J 18: 
    • Vaksne kr 50,-  Student/elev  kr 30,- Barn: (tom 16 år) gratis

 

Arbeidsoppgåver i kiosk i tillegg til sal:

  • Koke kaffi og steike sveler
  • Steike og smøre baguettar
  • Fylle på brusskapet
  • Halde kiosken rein og ryddig til ei kvar tid
  • Vaske borda i gangen
  • Siste vakta skal saman med sekretariat rydde på tribuna i hallen samt i garderobane og på toaletta i gangen.
  • Fylle ut og signér oppgåveliste etter endt vakt
  •  Levere brukte tvoger og koppehanddukar i lag med pengeskrinet til Margrete etter arr. 
  •  Låse brusskapet og skapet under benken etter arr. 

Arrangementsansvarleg/kioskteam ordnar med innkjøp til kiosken før kvart arrangement. 

Dommarar skal få utlevert gratis kaffi, svele og baguettar. I tillegg kan dei få 1 gratis brus / vatn. Parkeringsvakt ute kan få 1 gratis brus/vatn og svele/baguett.  Folk i sekreteriatet og i kiosken, kan få gratis kaffi.

Kioskvaktene skal vere minst 15 år.

  • Vi har offentlege arrangement der vi lagar til mat, og dette fordrar ein viss standard, der mattilsynet har høve til å kontrollere vårt arbeid.
  •  Vi har tre betalingsformer i kiosken – kort, Vipps og kontantar.
  •  Billettør skal dele ut billettar til dei som betaler kontant, dei som betaler via bankkort og dei som betalar via Vipps.

Alle foreldre har ansvar for å stille på dugnad for klubben under kamparrangement. Det er bestemt at foreldre som sit i styret i VHK, og foreldre som er hovudtrenar for laget, kan be seg fri frå desse dugnadane.  Den forelder som sit i sekreteriatet og kioskteamet skal sleppe ordinære kioskvakter, men skal levere kake og svelerøre på lik linje med kioskvaktene.

OPPSKRIFTER: 

SKUFFEKAKE 

2 pk Toro langpannekake

I stor langpanne 180 grader i 45 minutt

Fyll:

300 gr. mjukt smør

300 gr. sikta melis

2 ss kakao

2 (3-4) ss sterk kaffe

2 ss vaniljesukker 

Det er viktig at den glutenfrie kaka blir behandla med reiskapar som ikkje har vore brukt på baguettar, svele eller andre ting med gluten i. 

 

SVELERØRE

8 egg

4 koppar sukker, - pisk til eggedosis

4 ts vaniliesukker

2 liter kefir (ei  surmelk ), - pisk inn

16 dl  kveitemjøl, - pisk inn

2 ts natron

2 ts hornsalt