Alle spelarar sel lodd og dopapir i løpet av sesongen. Eit loddsal og eit papirsal om hausten, og det same om våren.
Krav til antal selde lodd og pakkar med dopapir vil stige etter
kvart som spelaren vert eldre. Spelarar på 16-årslag og seniorlag
må også delta på varetellingar og andre dugnadar i/for
klubben.

(Lodd: Dei over 15 år skal selje 2 bøker, og då vert neste barn med 1 bok og nr. 3 slepp bok.

Så alle med fleire barn, der minst eitt barn er over 15 år, får 3 bøker. Elles er det to bøker per familie.)

 

Laga f.o.m. g10/j10 (9- om ein er påmeldt i serien) får 2-4 helgar i løpet av sesongen der dei har
ansvar for drift av kiosken i hallen.
F.o.m. G11/J11 får laga også ansvar for sekretariat 2-4 helgar i
løpet av sesongen.

Dugnad i form av køyring til og frå kampar / turneringar.