Takk for no - og velkomen tilbake!

Vi har dei siste vekene hatt glede av å ønske fleire nye spelarar velkomen til Volda handball. Men dette er også tida for vemod der vi vil takke av dei som no forlet klubben for å søke nye utfordringar.
Les meir

Sara Hoel Røyr har signert for 2 nye år i Volda

Sara er frå Stranda og debuterte på fyrstelaget  til Volda i sesongen 2020/2021. Ho har sidan vore fast i denne treningsgruppa, og står så langt med 19 kampar og 5 mål for fyrstelaget. I tillegg har Sara mange kampar for rekruttlaget vårt.
Les meir

Islandsk landslagspelar til Volda!

Rakel Sara Elvarsdóttir har signert 2 års kontrakt med Volda handball. Rakel Sara er islandsk høgreving fødd i 2003, og har spelt for KA/Þór på Akureyri. I sesongen 2020/21 var ho som 18-åring heilt sentral då laget for fyrste gong vann eliteserien på Island. Då scora ho 74 mål på 19 kamper, og hadde 70 prosent utteljing.
Les meir

Ingrun Ranes har signert 2-års kontrakt med Volda!

Ingrun er eit ungt keepertalent frå Surnadal. Dei siste sesongane har ho spelt med Kongsvinger IL som i år vann si avdeling i 3. divisjon. Ingrun har også vore ein del av 2004-landslaget.
Les meir

Ingvild Græsdal har forlenga kontrakta!

Strandajenta Ingvild var berre 17 år då ho spelte sin fyrste kamp i 1. divisjon for Volda i sesongen 2018/2019. Ho er derfor på veg inn i sin femte sesong for A-laget til Volda. - Vi er veldig fornøgd med at Ingvild vel å satse vidare med oss, fortel Halli.
Les meir

Iulia (Yuliya) Andriichuk har signert ny 1 års kontrakt med Volda

Iulia kom frå spel i polsk eliteserie til Volda før sesongen 2021-2022, og har vore ein svært sentral spelar i opprykksesongen. Med 116 mål er ho lagets toppscorar og nummer tre i 1. divisjon. 33 straffemål er også eit bevis på at Iulia er ein spelar som er til å stole på i avgjerande situasjonar, seier Halli. 
Les meir

Volda styrkar stallen - velkomen Emilia!

Emilia Giske har signert 2 års kontrakt med Volda Handball. Dei siste åra har Emilia spelt i 1. divisjon for Ålgård der ho i årets sesong blei lagets toppscorar med 87 mål.
Les meir

Ingrid Jamtli Rye har signert ny 1-års kontrakt med Volda

Ingrid var 19 år då ho kom til oss fra Spjelkavik i 2018, og har tatt store steg gjennom sine år her i Volda. Ho har vore ein av 1. divisjons beste spelarar både framover og bakover dei siste sesongane.
Les meir

Siger i siste heimekamp

3. divisjonslaget spelte sin siste heimekamp for sesongen onsdag kveld, og avslutta med stil. Langevåg vart slått 28-22.
Les meir

Vi ønsker Dana Björg velkomen til Volda!

Volda har signert Dana Björg Gudmundsdottir på 2-års kontrakt. Den norsk-islandske vingen har spelt for 1. divisjonsklubben Reistad dei to siste sesongane, men kjem opphaveleg frå Konnerud.
Les meir

Marte tek ny sesong i Volda!

Marte Nornes har signert ny kontrakt og går dermed inn i sin sjuande sesong for Volda.
Les meir

Fride Heggdal Stølen har signert for ny sesong

Vi kan med glede melde at Fride Heggdal Stølen har signert kontrakt for komande sesong!
Les meir

Kaptein Kine styrer Volda-skuta vidare

Vår lynraske venstrekant og kaptein har signert ny kontrakt, og blir dermed med på ferda vidare til eliteserien. Kine er frå Kvalsund i Herøy og er no klar for sin 11. sesong i Voldadrakta.
Les meir

Margit Lidal frå Ålgård til Volda

Margit Lidal (23) har signert for Volda. Margit har spelt to år for Ålgård og er ein målfarleg midtback/venstreback.
Les meir

Velkomen til festen!

Ein fantastisk sesong skal avsluttast med heimekamp mot Charlottenlund på søndag. Volda har så langt vunne 16 kampar, har tre uavgjort og NULL tap! Vi satsar på publikumsrekord når heile Volda og tilreisande frå fjern og nær skal få høve til å hylle våre fantastiske damer. Kva trur Halli før denne sjarmøretappen?
Les meir

OPPRYKKET ER SIKRA!

Voldadamene skreiv handballhistorie! Etter storsiger mot Levanger sikra dei seriemeisterskapet og opprykket - og det med ein kamp att av sesongen!!
Les meir

Før Volda - Levanger

Onsdag 6. april kan bli ein merkedag for Volda handball som då skal møte Levanger til ein kamp som er svært viktig for begge lag. Det som ligg i potten er direkte opprykk for Volda og ein muleg kvalikplass for Levanger. Kva trur Halli før denne kampen?
Les meir

No har denne gjengen to matchballar!

Voldadamene leverte ein ny, sterk prestasjon i toppkampen mot Haslum Bærum på bortebane. Med 23-21-siger ventar no to matchballar i kampen om direkte opprykk til eliteserien - den første i Ørstahallen onsdag.
Les meir

Viktig kamp mot Haslum

Volda får ein tøff bortekamp mot Haslum som ligg på tredjeplass i serien. I heimemøtet vann Volda 26 - 19, kan det bli ein ny seier, Halli?
Les meir

Halldór Stefán Haraldsson har signert ny kontrakt

Volda Handball kan i dag annonsere at Halldór Stefán Haraldsson har signert for nye år som hovudtrenar for damelaget. Volda Handball er svært fornøgd med at Halldór er motivert for ein ny sesong i Volda, og dermed er ei brikke på plass i den vidare satsinga mot eliteseriespel for damelaget.
Les meir