Volda gjekk på ein smell

Med timålstap mot Ålgård på heimebane 8. desember har Volda gått på sin største smell hittil i sesongen.
Les meir

Sterk siger mot Charlottenlund!

Damelaget slo Charlottenlund med 10 mål i Trondheim i dag! Det er ein sterk siger med tanke på tidlegare kampar denne sesongen.
Les meir

Bortekamp mot Charlottenlund på søndag 17. november

Søndag det ny kamp for førstedivisjonslaget i Trondheim. Du bør leite deg opp til CSK Vambo arena B til klokka 14, om du er i området. Tredjedivisjonslaget har også kampar i Trondheim i helga. Dei spelar i nyopna Trondheim Spektrum laurdag klokka 20 og i Utleira arena søndag klokka 12. Tør vi håpe på tredobbel Voldasiger i bartebyen?
Les meir

Voldadamene i siget igjen!

Førstedivisjonskampen i Voldahallen enda med solid heimesiger etter ein noko ruskete første omgong. Pauseresultatet var 14-12, men i andre omgong kjende vi att heimelaget, og dei vann komfortabelt 32-21 over Førde på heimebane den 10. november,
Les meir

Tap mot Flint-Tønsberg

Bortetap 29-20 i ein hard kamp mot Flint-Tønsberg. Voldadamene må snu trenden neste søndag 10. november mot Førde.
Les meir

Nesten, men berre nesten.

Det vart nesten siger, men det heldt ikkje heilt i dag. Publikum heldt pusten dei siste sekunda av kampen, som enda 25-26 til Rælingen. Det var nesten heimekamp, og Volda handballklubb rettar stor takk til Ørsta for at vi på kort varsel fekk nytte bane 3 i den nye storstova til Ørsta, då Voldahallen vart stengt tidlegare i dag.
Les meir

Ubrota sigersrekkje. Den femte sigeren er i boks!

Volda slo Grane Arendal 25-31 i dag, søndag 20. oktober. Det er etter kvart ei imponerande rekkje med sigrar i starten på sesongen.
Les meir

Sterk siger for Volda!

VOLDA - HASLUM 30-29 (15-13) Sterk siger over eit godt Haslum-lag som aldri ga seg. Jamn kamp, der Volda kjempa seg til ei knapp leiing på 15-13 til pause.
Les meir

Handball og Jakob Ingebrigtsen

Damelaget møter Haslum i kveld kl 18.00. I pausen syner vi 1500m finalen frå friidretts -VM på storskjerm!
Les meir

Dobbelsiger for Volda i dag!

Dagen starta med ein god siger for tredjedivisjonslaget, som vann 29-21 over Utleira. Klokka 14 var det duka for førstedivisjonskamp, og Voldahallen var gledeleg full med engasjerte handballentusiastar.
Les meir

Godkjent av Volda!

Med sluttresultatet 21-30 kan det virke som om det var himmelvid skilnad på Volda og Tertnes. Det var det ikkje. Dei er likevel ute av NM, og kan konsentrere seg om seriespelet i førstedivisjon vidare utover i sesongen.
Les meir

God seriestart for damene!

Larvik - Volda 22-24. Og Volda ligg i skrivande stund på ein oppmuntrande andreplass på tabellen. Det blir spennande å følgje med utover i sesongen.
Les meir

Første heimekamp for sesongen, er NM-kampen mot Tertnes

3. runde i NM går av stabelen i Voldahallen onsdag 11. september klokka 18.00. Damelaget tek imot eit ungt og spennande Tertnes Håndball Elite.
Les meir

Damelaget møter Larvik borte i første seriekamp søndag 08.september

Volda og Larvik møtte kvarandre i Follo-cup tidlegare i år. Då vann Volda 22-19. - Vi reiser nedover for å hente 2 poeng, seier Haraldsson. Trenar Halldór Stefán Haraldsson trur det blir ein veldig jamn og spennande kamp. - Vi har trent veldig godt dei siste 3-4 månadane, og laget er i toppform. Vi gler oss til første seriekamp etter ein lang oppkøyringsperiode. Her er Halldór sine tankar om den komande kampen og sesongen.
Les meir

J18 er vidare i kvalifiseringa til Lerøyserien

Volda J18 er vidare til neste kvalifiseringsrunde i Lerøyserien! Laget spelte 2 kampar laurdag, og tapte første kamp mot eit svært godt Ellingsrud-lag. I andre kampen på laurdag slo Volda LFH-09 22-18.
Les meir

Ny signering i Volda HK

Sara Dögg Hjaltadóttir har signert for Volda HK. Ho har spelt i 2. divisjon for Kongsvinger dei to siste sesongane. No vert ho å sjå i Voldadrakta i alle fall i to år framover.
Les meir

Thea er klar for eliteserien!

Thea Imani Sturludottir, som har spelt for Volda Handball dei siste to sesongane, har signert 1-årskontrakt med eliteserieklubben Opsal. Vi i Volda HK gratulerer Thea med at ho har fått mogelegheit til å spele på det aller høgste nivået i Noreg.
Les meir

Volda har sikra seg venstrehendt høgreback

Ingeborg Furunes har signert toårskontrakt med Volda Handballklubb.
Les meir

Ungt keepertalent til Volda

Haya Elhanafi har signert toårskontrakt med Volda Handballklubb.
Les meir

Marte signerer for eitt år til!

Då er signering frå Marte Lausund Nornes i boks. Ho forlengar kontrakten med eitt år. Marte er ein veldig viktig spelar for Volda handball. Ho har vore med på reisa frå 2. divisjon, og er godt kjend med klubben.
Les meir