Siger i siste heimekamp

3. divisjonslaget spelte sin siste heimekamp for sesongen onsdag kveld, og avslutta med stil. Langevåg vart slått 28-22.
Les meir

Vi ønsker Dana Björg velkomen til Volda!

Volda har signert Dana Björg Gudmundsdottir på 2-års kontrakt. Den norsk-islandske vingen har spelt for 1. divisjonsklubben Reistad dei to siste sesongane, men kjem opphaveleg frå Konnerud.
Les meir

Marte tek ny sesong i Volda!

Marte Nornes har signert ny kontrakt og går dermed inn i sin sjuande sesong for Volda.
Les meir

Fride Heggdal Stølen har signert for ny sesong

Vi kan med glede melde at Fride Heggdal Stølen har signert kontrakt for komande sesong!
Les meir

Kaptein Kine styrer Volda-skuta vidare

Vår lynraske venstrekant og kaptein har signert ny kontrakt, og blir dermed med på ferda vidare til eliteserien. Kine er frå Kvalsund i Herøy og er no klar for sin 11. sesong i Voldadrakta.
Les meir

Margit Lidal frå Ålgård til Volda

Margit Lidal (23) har signert for Volda. Margit har spelt to år for Ålgård og er ein målfarleg midtback/venstreback.
Les meir

Velkomen til festen!

Ein fantastisk sesong skal avsluttast med heimekamp mot Charlottenlund på søndag. Volda har så langt vunne 16 kampar, har tre uavgjort og NULL tap! Vi satsar på publikumsrekord når heile Volda og tilreisande frå fjern og nær skal få høve til å hylle våre fantastiske damer. Kva trur Halli før denne sjarmøretappen?
Les meir

OPPRYKKET ER SIKRA!

Voldadamene skreiv handballhistorie! Etter storsiger mot Levanger sikra dei seriemeisterskapet og opprykket - og det med ein kamp att av sesongen!!
Les meir

Før Volda - Levanger

Onsdag 6. april kan bli ein merkedag for Volda handball som då skal møte Levanger til ein kamp som er svært viktig for begge lag. Det som ligg i potten er direkte opprykk for Volda og ein muleg kvalikplass for Levanger. Kva trur Halli før denne kampen?
Les meir

No har denne gjengen to matchballar!

Voldadamene leverte ein ny, sterk prestasjon i toppkampen mot Haslum Bærum på bortebane. Med 23-21-siger ventar no to matchballar i kampen om direkte opprykk til eliteserien - den første i Ørstahallen onsdag.
Les meir

Viktig kamp mot Haslum

Volda får ein tøff bortekamp mot Haslum som ligg på tredjeplass i serien. I heimemøtet vann Volda 26 - 19, kan det bli ein ny seier, Halli?
Les meir

Halldór Stefán Haraldsson har signert ny kontrakt

Volda Handball kan i dag annonsere at Halldór Stefán Haraldsson har signert for nye år som hovudtrenar for damelaget. Volda Handball er svært fornøgd med at Halldór er motivert for ein ny sesong i Volda, og dermed er ei brikke på plass i den vidare satsinga mot eliteseriespel for damelaget.
Les meir

Volda med ny storsiger!

Volda var favoritt mot tabelljumbo Grane i Arendal søndag og innfridde til gangs. Ny siger med 10 mål er rett og slett imponerande av serieleiaren!
Les meir

Kamp mot Grane i Arendal

På søndag skal Volda til Arendal å møte Grane. Sørlendingane ligg sist på tabellen, men har vist noko stigning i det siste. Vi har spurt Halli kva han trur før kampen.
Les meir

Nervepirrande avslutning heldt til siger!

- Det er ingen lette kampar i 1. divisjon, minner trenar Halldor Haraldsson oss alltid på. Bortekampen mot Reistad skulle bli langt tøffare enn storsigeren på heimebane før jul. Men det heldt!
Les meir

Bortekamp mot Reistad

Volda går inn i ei ny veke med to bortekampar på kort tid. Onsdag skal Volda møte Reistad i Drammen, og same kvelden spelar også Haslum mot Gjerpen som er lag nummer to og tre på tabellen. Vi har spurt Halli om utsiktene før kampen mot Reistad.
Les meir

Ny storseier og feststemning

Fjellhammer vart aldri ein trussel då Volda tok ein ny storseier og eit nytt skritt på vegen mot opprykk foran 700 tilskodarar.
Les meir

Før Volda - Fjellhammer

Sjøl om Volda tok ein viktig seier mot Gjerpen, er det framleis ein jobb som må gjenstår før ein har nådd sesongens store mål om opprykk til eliten. Den neste kampen er alltid den viktigaste, og det gjeld også på onsdag når Fjellhammer er motstandar. Vi har spurt Halli om kva han trur om utsiktene før kampen.
Les meir

Seier i seriefinalen!

Full jubel i Skien søndag, då Volda avgjorde ein jamn og nervepirrande toppkamp. No er det våre damer som troner øvst på tabellen!
Les meir

Leiinga i handballforbundet kjem til Volda 16. mars

Generalsekretær Erik Langerud i Norges handballforbund kjem på besøk til Volda handball onsdag 16. mars. Langerud vil bruke store delar av dagen til å gjere seg kjent med klubben og Volda campus Sparebank1 arena med tanke på å legge landskampar til Volda. Langerud vil vere vår spesielle gjest ved kampen mellom Volda og Fjellhammer som startar kl. 18.30.
Les meir