- På treningane denne veka legg vi vekt på angrepsspel og å finne fleire mogelegheiter i angrep til å score fleire mål.

Det svarar Halldór Stefán Haraldsson på spørsmål om kva som blir viktig fram mot toppkampen mot Nordstrand i Voldahallen søndag klokka 18.00.

- Vi må også finne løysingar på korleis vi best mogeleg kan erstatte Karoline på vingen. Det er sko som det er vanskeleg å fylle, men eg har tru på dei jentene som får den rolla. Dei kan levere ein god jobb der, meiner Halldór.

Må erstatte Karoline

Sjølv om tapet av Karoline Dyrhol Slenes (kneskade) vert ei utfordring, så finst det ei gladmelding frå skadefronten i Volda-leiren:

- Patricia Daio er speleklar og blir med oss på søndag. Det er særs positivt og vil gi oss fleire mogelegheiter i angrep, melder trenaren.

Volda og Nordstrand har denne hausten utpeika seg som to klare kandidatar til å vinne serien, og difor liknar det litt på ein aldri så liten seriefinale, det som ventar oss i hallen søndag.

Sterk motstandar

- Dette er to lag som ikkje har tapt ein seriekamp i år. Nordstrand møter to andre lag før Volda-kampen, men eg trur ikkje dei kjem til å tape ein kamp før dei møter oss.

Onsdag kveld har Nordstrand heimekamp mot Glassverket 2, medan dei møter Bergsøy borte laurdag. Tabellplasseringa gir oslolaget eit klart favorittstempel i begge desse kampane, og med full pott vil Nordstrand vere a poeng med Volda før kampen i Voldahallen.

- Så her er det snakk om ein kamp mot eit veldig bra lag, men likevel så er det berre to poeng som vi spelar om, akkurat det samme som i andre kampar, påpeikar Halldór.

Sjekk sjølv: Her er tabellen

Treng fulle tribunar

- Kor viktig blir publikummet for dykk i ein slik kamp?

- Eg har vore utruleg nøgd med oppmøtet frå publikum dei to siste kampane. Publikum har hjelpt oss mykje og det er klart at vi treng nettopp det.

- Vi spelar ikkje heime igjen før midt i november, så det er viktig at folk møter opp og heiar på jentene. Dei fortener det, oppmodar Haraldsson.