Vi viser respekt for med- og motspelarar, trenarar og dommarar, og vi praktiserer Fair Play mot motstandarlag.

Vi melder frå til trenaren dersom vi ikkje kan møte til trening.

Vi skal utvikle vennskap og fellesskap i laget. Vi har nulltoleranse for mobbing og baksnakking.

Vi respekterer ordensreglar og hjelper kvarandre.

Vi held avtalar og møter opp presis til trening med rett utstyr.