Journalist: Lisa M. Skylstad Knutsen Foto: Ove Krumsvik

Vi har spelt treningskampar som har gått både opp og ned, og vi har fått til mykje bra. Men vi har også fått ein skade på Marte Nornes, som er veldig tungt for oss. Utan Marte og Sara Dögg, som ikkje er klar for spel enda, er 1.divisjonslaget utan midtback per d.d. Det har vore eit fokus på å trene inn andre spelarar i den posisjonen ettersom Marte vart skada. Ingrid Rye og Hanna Ræstad kjem til å spille midt no først og fremst, men vi har spennade 18-åringar i klubben, som kjem til å kunne bidra meir inn mot 1.divisjonslaget. Hilde Sofie Rebbestad debuterer i helga. Ho er berre 17 år, så ho er ein av dei det blir spennande å følgje med på. 

Det er veldig mykje kvalitet i laget. Vi bør klare å halde minst same nivå i forsvar som vi har gjort tidlegare. Vi har mange flotte spelartyper i forsvar og 3 gode målvakter bak forsvaret. Det skaper ein sunn konkurranse dei tre imellom, noko eg meiner er bra.

Når det gjeld angrep, er det et spørsmål om kor fort vi klarer å spele oss godt saman. Sjølv om spelarane ikkje er nye, har vi ein ny stil og koblingane mellom spelarane blir derfor nye. Det tek litt tid å finpusse samspelet med kvarandre, men kvaliteten har vi. Eg håper og trur at samspelet kjem på plass allereie til helga, men det er også klart at utviklinga kjem til å kome utover sesongen.

Eg trur årets 1.divisjon blir veldig jamn, og alle lag kan ta poeng i alle kampar. Vi reiser nedover til Larvik for å hente 2 poeng, sjølv om vi veit at det blir vanskeleg, så har vi tru på at vi kan klare det, seier Halldór.

 

Vi ønskjer lykke til med første kamp og sesongen.