Journalist: Lisa M Skylstad Knutsen Foto: Ove Krumsvik

Tertnes vart nummer 3 i Eliteserien i fjor. Damelaget vårt, møter dermed eitt av Noregs og Europas
beste handballag. I år har dei fylt opp spelarstallen sin med spennande typar frå juniorlandslaget, i tillegg til tidlegare Tertnesspelarar som vender tilbake.

Voldatrenaren som vi er så glade i, Halldór, synest det er veldig positivt å få møte Tertnes heime, fordi laget har lyst til å måle seg med dei beste, og dei gler seg til å spele denne kampen. Det er nesten ikkje muleg å starte ein sesong på ein betre måte enn å få eitt av Noregs beste lag på besøk.


Vidare fortel Halldór at kampen blir lagt opp slik at det blir mykje tempo, både framover og bakover. - Vi må klare å stå i forsvar og springe fort tilbake når vi avsluttar angrepa våre. Klarer vi dette, er det muleg at vi kan gi Tertnes kamp til døra. Vi gler oss i alle fall, og håper publikum fyller opp Voldahallen med god stemning.

 

Vi sjåast i hallen!