Foto: Ove Krumsvik

Voldadamene startar kampen veldig bra. Dei står sterkt bakover og skårar nokre kontringsmål, som fører dei raskt opp i 9-4 leiing. Men Larvik kjem sterkt attende dei siste 10 minutta av første omgong. Kanskje slappar damene våre litt av, eller gjer nokre småfeil i forsvar. Det gjer at Volda går til pause med berre eitt måls leiing. 

I andre omgongen føler vår gode trenar, Halldór Stefán Haraldsson, at Volda har kontroll. Voldalaget syner seg sterke i forsvar heile kampen, men slit litt med å skåre mål. Men når dei står så godt bakover, så treng dei heller ikkje å skåre så mange mål.

Dei siste ti minutta av kampen spelar det unge Voldalaget svært godt og veldig klokt. Damene held godt på ballen og vinn fortent 22-24.

"Det var ei kjekk oppleving for oss å spele i den historiske hallen. Eit fantastisk arrangement regissert av Larvik, og det var utruleg stort å få oppleve å spele, og vinne der i tillegg." seier trenaren etter kampen. 

Det er svært motiverande for Volda-entusiastane å sjå at så mange av Voldaspelarane tek ansvar i kampen i dag. Hilde Søyseth står solid bakover. Heile forsvarsspelet, med Lone Vik i hovudrolla heile kampen, fungerer godt. Kine Kvalsund leverer 5 mål, medan Aleksandra Zimny leverer sin beste kamp i Voldatrøya så langt. Ingrid Rye og Hanna Ræstad spelar ein solid kamp, og Ingeborg Furunes debuterer i 1.divisjon i Boligmappa Arena. Det er ein krevjande situasjon, som ho takla fint. I tilegg så spelar Hilde Sofie Rebbestad dei siste sekunda av kampen. Ho er berre 17 år, og er ein svært spennande spelar. Halldór er godt fornøgd med kampen, og seier at det alltid er ei god kjensle å starte med 2 poeng på papiret. 

 

Vi gler oss til fortsetjinga! 

 

Les gjerne kva Sunnmørsposten skriv her. (for abonnentar)