Tekst: Elisabeth Mork Foto: Ove Krumsvik

Til pause var stillinga 11-14, etter ein god start og ein god førsteomgong. Hilde Søyseth stod som eit fjell i mål, og Voldadamene hang godt med, sjølv om dei aldri var i leiinga. I store deler av kampen låg Volda tre til fem mål under, og publikum augna eit håp. Kunne det bli så jamt? Vi måtte innsjå at det er ein heil divisjon mellom laga, men ikkje før i andre omgongen. Tertnes hadde meir fart og kontringane deira var i ein klasse for seg. 

På Volda fekk vi 4 mål frå Fride Heggdal Stølen, som synte seg mest fram i andre omgong. Ingrid Jamtli Rye noterte seg for 3 mål, og det same gjorde den ferske Ingeborg Furunes. Det verkar allereie som Voldalaget har godt samspel, og var uredde og motiverte mot elitelaget Tertnes. Publikum kunne glede seg over fleire gode skåringar i ein fartsfylt kamp. Her er det mykje positivt å ta med seg vidare i sesongen. 

Trenar, Halldór Stefán Haraldsson seier dette om kampen og spelet: "Damene spelte veldig bra i perioder og held eliteserienivå periodevis. Det var også veldig kjekt å sjå 5 nye spelarar debutere i Voldahallen; Ingeborg Furunes og Haya Elhanafi spelte sin første kamp i Voldahallen og Hanna Flydal Vågsæter, Hilde Sofie Rebbestad og Sara Oline Ringstad spelte sine første minutt i 1.divisjon. Dei er alle 17 og 18 år."

Hilde Søyseth vart kåra til banens beste på Volda, vel fortent. På Tertnes var det nummer 15, Hermine Motzfeldt Aauberg, med heile sju skåringar som fekk med seg "banens beste" heim. 

Vi takkar voldadamene for ein god kamp og for jamt og godt spel. 

Vi gler oss til å følgje med i serien, og på førstkomande søndag (15.09 klokk 14, i Voldahallen mot Fjellhammer) skal Voldadamene spele sin tredje kamp på 8 dagar. Vi håper dei har meir energi, og at publikum stiller på tribunen som den åttande på banen. No er det viktig at damene kjenner på at dei har heimepublikumet i ryggen!