Tekst: Elisabeth Mork Foto: Ove Krumsvik

I første omgong var det så jamt at ingen av laga leia med meir enn to mål på det meste. Volda låg under eller jamt, og kom i leiinga med 5-4 først etter nesten 9 minutt. Det var ulideleg spennande, og god stemning i hallen. Fjellhammer tok leiinga igjen utover i omgongen, men pauseresultate var i Voldadamene sin favør; 11-10. 

 

Kampen bølga fram og tilbake. Volda hadde eit knepp meir system på både forsvar og angrep, så midt i andre omgongen leia dei med tre mål. Publikum kunne på ingen måte slappe av likevel. Utlikning 17-17 etter 16 minutt i andre omgong, men så var det Volda i leiinga resten av kampen. I eitt av angrepa til Volda var det tre skot på mål på rad, utan at ballen gjekk inn. Ikkje eit einaste sekund var det teikn til at damene i voldadrakta slappa av. Dei var PÅ heile kampen. Hilde Søyseth skåra te mål på ope motstandarmål, og det gjorde at Volda til slutt kunne trygge sigeren inn, 24-21 til heimelaget. Banens beste på Volda vart Ingri Jamtli Rye med 7 gode skåringar. Ho skåra på 7 av 8 skot. Imponerande! På Fjellhammer var det målvakta, nummer 16, Victoria Bakken, som fekk den tittelen. 

 

Vår entusiastiske trenar Halldór Stefán Haraldsson er svært nøgd etter andre runde i serien. "Vi spelar ein fantastisk kamp i dag. Vi er ekstremt sterke i forsvar, og Hilde er veldig god bakover. I angrep så treng vi å skåre fleire mål, men eg føler at vi tek steg framover, også i angrep. Vi skaper mange fine sjansar på strek og distanseskot, men vi er nøydde til å opne vingane meir. Jamt over er dette eit steg i rett retning, og 2 veldig fine og viktige poeng."

 

Vi takkar for ein spennande og oppløftande kamp, og seier LYKKE TIL mot Skrim-Kongsberg i Kongsberghallen, laurdag 21. september klokka 14.00. Er du i området, så still opp og støtt damene! 

Hilde Søyseth 3, Auria Ann Ose, Kine Kvalsund 2, Fride Heggdal Stølen, Ingrid Jamtli Rye 7, Hanna Ræstad 2, Pernille Holsvik Ingebrigtsen, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi , Ingeborg Furunes, Lone Vik 3, Maria Ulla 1, Aleksandra Zimny 4 + 2 7m., Hilde Sofie Rebbestad.