Tidlegare denne veka vart det klart at Pernille Holsvik Ingebrigtsen, Hilde Søyseth og Kine Kvalsund har signert nye kontrakter. No har Volda også sikra seg signaturen til Vanessa for to nye år.

Etter å ha kjempa seg tilbake frå ein alvorleg skade, er ho glad for å knyte seg til laget for ein ny periode.

Les også: Signerte nye kontrakter

Passar godt inn i klubben

Det er også trenar Halldór Stefán Haraldsson:

- Vanessa, som har ikkje har spelt i år, var ein av dei viktigaste på laget i sesongen 2016-17, då ho fekk ein korsbandskade. 

- Vi har store forventningar til Vanessa og ho har sjølv store ambisjonar, så klubben og Vanessa passar bra saman. Vanessa er ein fantastisk langskyttar og sterk forsvarspelar og ho kjem til å auke breidda i laget, seier ein nøgd Volda-trenar om signeringa.

- Ein veldig fin gjeng

Vanessa sjølv er særs motivert for å aksle trøya i ein ny periode. Dette seier ho om kvifor ho valde å signere:

- Volda er ein klubb som satsar, og her kan eg få utvikle meg. Vi har ein utrulig dyktig trenar og er ein veldig fin gjeng. I tillegg er det ingen tvil om at eg er ekstra motivert for bidra for Volda når heile 2017 gjekk med til skade, seier ho.

NB! Hugs neste heimekamp i Voldahallen sundag 4. februar kl 17.00.