Tekst: Lisa Skylstad Knutsen Foto: Ove Krumsvik

Jamn og spennande kamp. Allereie i startsekundet skjønar vi at Haslum ikkje skal gi noko gratis, og dei skal følgje damelaget heilt til døra. Volda pressar godt, med gode trekk og høgt tempo som forstyrrar bortelaget. Det kjem mange gode vingavslutningar som opnar forsvaret til Haslum. Halvvegs i første omgong er det framleis jamt, men heimelaget tek ei lita leiing. Haslum fortset å utfordre, og dei reduserer fleire gongar. Dei siste minutta er prega av tekniske feil på begge lag, men keeper Hilde Støyseth ryddar opp, og volda går til pause med 15-13. 

Andreomgong startar med det same høge tempoet. Fleire av spelarene skaper gode sjansar, men ikkje alle går i nettet. Midt i andre omgong er stillinga 20-20, og kampen blir endå meir intens. Det vert ein tøff periode for Volda der skota ikkje går i mål. Haslum går opp i leiinga 24-26, men det varer ikkje lenge før Ingrid Rye set inn 4 mål på under 6 minutt og Volda er i tet igjen. Volda vinn til slutt kampen 30-29 etter fantastisk innsats av spelerane. 


Ein svært engasjert Halldòr er positiv og nøgd med kampen. - Det er ein del enkel feil som vi burde ha unngått, men det var som forventa når ein møter eit så godt lag som Haslum. I kveld viser vi at vi har tatt ein del steg vidare i angrep. Vi opnar og skaper meir sjansar for vingane våre, samtidig som vi skårar fleire mål. I dag fortener vi sigeren, sier han smilande. 


Det var god stemning på tribunen og mange born hadde tatt turen. VHK har hatt venneveke denne veka, og spelarane har fått ta med seg venner på treningane. Spelarar og venner har fått vere gratis publikum i dag.  

Vi gratulerer også Jakob med 4.plassen i 1500-meterfinalen. 

Vi ønskjer damelaget lykke til med neste kamp som er borte mot Grane Arendal  20.oktober kl 13.00! 

Takk for støtta idag, vi sjåast.

Kampfakta:

VOLDA - HASLUM 30-29 (15-13)

VOLDA:
Hilde Søyseth, Auria Ann Ose 2, Kine Kvalsund 3, Fride H. Stølen, Ingrid J. Rye 10, Hanna Ræstad 4, Pernille Ingebrigtsen 2, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes, Lone Vik 4, Sara Oline Ringstad, Maria Ulla 2,  Aleksandra Zimny 3 og Hilde Sofie Rebbestad. 

Toppscorar Haslum :
V. Evensen 7mål 

Toppscorar Volda:
Ingrid Rye 10mål 


No toppar Volda tabellen saman med Flint Tønsberg.