Tekst: Elisabeth Mork Foto: Ove Krumsvik

Grane Arendal kom opp frå 2.divisjon, og er kanskje det beste laget som rykte opp før årets sesong. Dei kan skilte med gode resultat, så dette vert ikkje noko barneskirenn. Grane Arendal har vunne to kampar; mot Charlottenlund og Førde, men dei har også to firemålstap, både mot Rælingen og Flint Tønsberg, som mange ser på som dei sterkaste laga i serien. Vi bør også ta med at Grane slo eliteserielaget Gjerpen ut av NM tidlegare i September. Vi har likevel stor tiltru til vårt eige lag i denne kampen. 

Grane har eit sterkt lag, med gode spelarar i alle posisjonar. Grane sin toppskårar er Merlinda Qorraj, som er ein svært sterk venstreback, som har godt skot og er sterk i duellspelet. "Vi forventar ein veldig tøff kamp borte mot Grane, og veit at det blir viktig å prestere bra skal vi ta heim 2 poeng her." Uttaler Halldór. "Alle våre spelarar er friske og raske. Vi starta ei god treningsveke på måndag, og håper at vi kan vere så godt førebudde som muleg."

Her vert det andreplassen på tabellen mot sjuandeplassen. Vi har oddsa på vår side, men må bu oss på at damene må jobbe for å få heim 2 poeng på søndag. Vi håper på ein jamn og spennande kamp, der Volda dreg det lengste strået. HEIA VOLDA! 

Vi har vore i kontakt med Grane og spurt om kampen vert streama, men har ikkje fått positiv respons på det.

 

førstedivtakk 

Slike scener vil vi gjerne sjå etter bortekampen på søndag også.