Tekst: Elisabeth Mork Foto: Ove Krumsvik

Grane leia 3 - 0 i starten av første omgong, til Pernille Ingebrigtsen fekk hol på det etter fire minutt. Det skulle gå ti minutt før Aleksandra Zimny utlikna for Volda og det stod 5-5. Ein jamn første omgong førte til resultatet 13-16 til pause. Etter pausen såg Voldadamene seg ikkje tilbake, og leia heile den omgongen. Sluttresultatet vart 25-31, og voldingane har all grunn til å vere fornøgde med førstedivisjonslaget og trenarteamet. 

Banens beste på Volda var det Ingrid Jamtli Rye som fekk, med sine 8 skåringar. På Grane Arendal, kan Sascha Juul smykke seg med same tittel og fire skåringar. Skåringane er nokså jamt fordelt på fleire spelarar på Grane, medan for Volda ser det slik ut: 

Hilde Søyseth 1, Auria Ann Ose, Kine Kvalsund 1, Fride Heggdal Stølen 2, Ingrid Jamtli Rye 8, Hanna Ræstad, Pernille Holsvik Ingebrigtsen 2, Hedda Iversen Hagen, Ingeborg Furunes 2, Lone Vik 4, Maria Ulla 3, Aleksandra Zimny 6.