Tekst: Elisabeth Mork Foto: Ove Krumsvik

Første omgong starta jamt, og korkje Rælingen eller Volda tok føringa i særleg grad. Rælingen rota til kontringane til Volda, så dei sat ikkje heilt i boksen som dei brukar. Til pause stod det 11-13. Det var ikkje alltid korkje publikum, trenar Halldór eller Froskeberget var samde med dommarane, men slik er det i handball. 

I ein kamp med mange straffer, fleire tominuttar, godt med stolpeskot og ein del frustrasjon, vart det Rælingen som trekte det lengste strået. Då det var att tre minutt leia Volda med eitt mål, men i løpet av dei siste sekunda, kom der to mål frå Rælingen, først ei kontring av Anniken Wollik og til slutt ei skåring av banens beste på Rælingen, Pernille Nylænd (4). På heimelaget var det Hanna Ræstad som fekk utmerkinga banens beste. Sigersrekkja er broten, men kanskje er noko av presset borte også? Vi såg også mykje bra på banen i dag, spesielt i forsvar, og har absolutt trua på bortesiger mot Flint Tønsberg klokka 13 på søndag.Er du nær Tønsberghallen på søndag 3. november, så stikk innom i ett-tida og hei på våre gode voldadamer!

Volda står framleis øvst på tabellen, men deler ti poeng etter 6 kampar med Flint-Tønsberg (motstandar på søndag) og Fjellhammer. 

Voldatroppa i dag: Hilde Søyseth, Auria Ann Ose, Kine Kvalsund 2, Fride Heggdal Stølen, Ingrid Jamtli Rye 7, Hanna Ræstad (BB) 5, Pernille Holsvik Ingebrigtsen 5, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes, Lone Vik 3, Maria Ulla 1, Aleksandra Zimny 2, Hanna Flydal Vågsæter, Solveig Orheim.

 

Dersom Voldahallen vert opna igjen i tide, vert det også tredjedivisjonskamp der på søndag klokka 11. Hjarteleg velkomen på kamp, og HEIA VOLDA!