Tekst: Elisabeth Mork Foto: Ove Krumsvik

I første omgong leia Volda på det jamne med mellom eitt og tre mål. Pauseresultatet var 12-14 til Volda etter ein tøff, men god omgong for Voldalaget. Vår superentusiast, Ståle Mork, stilte opp i Tønsberghallen, og seier at Volda spelte fantastisk i den første omgongen, og spesielt var det glitrande forsvarsspel. Sjølv om damelaget var kreative i angrep, vart det litt lite utteljing i andre omgong, og kampen enda til slutt 29-20 til Flint-Tønsberg i denne toppkampen.

I ein ti minuttars periode midt i andre omgongen, stod Volda stille på 18 skåringar, medan Flint-Tønsberg jobba seg opp frå 19 til 26 mål i denne bolken. Det var her det rakna litt for dei langvegsfarande, med nokre skot utanfor mål, og nokre redningar frå keeperen på F-T, Cecilie Ullitz. I denne kampen hadde dei kvinnelege dommarar; Carina Pettersen og Charlotte Husomanovic. Banens beste på Flint-Tønsberg vart Mari Finstad Bergum med heile 10 flotte skåringar. Hilde Søyseth stod godt i mål, og fekk utmerkinga banens beste på Volda. Toppskårarar på Volda var Hanna Ræstad og Lone Vik, med fem mål kvar. Volda har dermed rykt ned til andreplassen på tabellen. På komande søndag treng Halldór og damene å få kjensla av at publikum ikkje berre er medgangssupporterar. Still opp i Voldahallen 10. november klokka 15.00, og støtt førstedivisjonslaget mot Førde!

Voldalaget i dag: Hilde Søyseth (BB), Auria Ann Ose 2, Kine Kvalsund, Fride Heggdal Stølen 1, Ingrid Jamtli Rye 4, Hanna Ræstad 5, Pernille Holsvik Ingebrigtsen, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes, Lone Vik 5, Sara Oline Ringstad, Maria Ulla, Aleksandra Zimny 2