Etter mange bortekampar blir det endeleg gjensyn med Volda på heimebane, eit Volda som no har klare tankar om kva som blir viktig fram mot det som kan bli særs viktige kvalik-kampar mot slutten av sesongen.

Også kampen mot Levanger 2 sundag blir viktig, sjølv om motstandaren ligg sist på tabellen.

Vil skape meir i angrep

Volda har ikkje råd til å slappe av, tvert imot blir dei neste vekene viktige for å førebu seg på det som kjem.

Dette seier trenar Halldór Stefán Haraldsson om kva som ventar:

- Vi fokuserer no litt meir på angrepsspelet, om å få fram fleire mogelegheiter i angrepet og fleire opningar. Så handlar det no om å halde spelarane friske, vi må kome oss igjennom dei neste seriekampane og jobbe med å gjere laget betre på begge sider av bana, påpeiker han.

Ny gladmelding: Også Vanessa forlengar kontrakta

Alle må bidra

Dessutan er det ei prioritert oppgåve å bruke breidda i stallen.

- Vi jobbar også med å bruke heile stallen. Det er viktig å få mest mogeleg ut av kvar spelar i den fasa vi er i no.