Tekst: Elisabeth Mork

Den åttande kampen i førstedivisjon denne sesongen vart avgjort i andre omgongen. Pernille Holsvik Ingebrigtsen og Kine Kvalsund opna ballet for heimelaget med kvar si fine skåring i første omgongen, men etter det var det ein del rusk i maskineriet. I perioder i dei første 30 minutta hadde Førde ei lita leiing over Volda. Nokre flotte mål begge vegar, og pauseresultatet gjekk i Volda sin favør med to mål. 

 

I andre omgongen var det som om Volda stilte med friskt mot og ny strategi, for då sat alt mykje betre, både skota, forsvaret og målvaktarbeidet, var strålande, og svært kjekt å sjå på. Ekstra stas var det at Sara Ringstad fekk debutere på førstedivisjonslaget, og attpåtil fekk vi notere ei skåring på henne på straffe, som Fride Stølen vart tildelt. Banens beste på Volda var Lone Vik, som gjorde eit solid forsvarsarbeid, som vanleg, og i tillegg vart ho skuldig i 6 heimemål. Vi tenkjer at også Hanna Ræstad hadde vore verdig den tittelen i dag. Ho har også æra for 6 skåringar for heimelaget, to av dei på straffe. Gode skåringar og svært klokt og godt spel i andre omgong der også, altså. På Førdelaget vart det toppskårar Lara Zidek (5), som vart kåra til banens beste. 

Voldalaget i dag: 

Hilde Søyseth, Auria Ann Ose 3, Kine Kvalsund 5, Fride Heggdal Stølen 1, Ingrid Jamtli Rye 1, Hanna Ræstad 6, Pernille Holsvik Ingebrigtsen 3, Hedda Iversen Hagen, Haya Elhanafi, Ingeborg Furunes 1, Lone Vik (BB) 6, Sara Oline Ringstad 1, Maria Ulla 1, Aleksandra Zimny 4, Hilde Sofie Rebbestad 

Dommarar: Hilmar Ingi Jonsson, Øivind Andersen-Gott