Charlottenlund er det einaste laget som har slått Flint i serien, og i fjor vann dei over Follo på heimebane, så her ventar nok ein tøff kamp. Charlottenlund har også fordelen av heimebane, men med så mange voldaspelarar i byen i helga, kan ein håpe på at det vert ein del publikumsstøtte for Volda-laga også. 

 

Trenar Halldór er fornøgd med prestasjonen i kampen mot Førde førre helg, spesielt andre omgong. "Vi veit at vi er flinke når vi presterer på vårt beste," nikkar han og ser fram til ei god treningsveke og oppkøyring til bortekampen. Han har planar om å treffe med taktikken og legge opp til ein optimal prestasjon mot Charlottenlund, så dei er hermed advart. Alle jentene er friske, og troppa er så og seie skadefri. Sara Dögg Hjaltadottir er no friskmeldt av det medisinske teamet, og ho vert å sjå på banen på søndag, saman med resten av vårt eminente heimelag. 

 

Lukke til til Sara og resten av Volda-laget. Eit ekstra stort lykkeønske frå J 2005, som Sara er medtrenar for, og som skal på lagbyggingshelg i Kragset hamn i helga. HEIA VOLDA!