Tekst: Elisabeth Mork Foto: Ove Krumsvik

Trenar Halldór forventa ein slitekamp mot eit sterkt Trondheimslag, og første omgongen vart akkurat det. Volda strevar litt både i forsvar og angrep i perioder, men klarer å kontre, og skåre nokre fine mål på den måten. Til pause var resultatet 12-15 til Volda, og på ingen måte trygt. 

I andre omgong klaffa alt for Voldalaget, og då Hilde Søyset stengde buret bakover, fekk bortelaget mange fine kontringar og ankomstmål. Fleire gode og kloke trekk i angrep var å sjå i CSK Vambo arena frå bortelaget. Då følgde skåringane etter. Andre omgong starta med skåring på straffe av Sara Dögg Hjaltadottir, som nyleg er friskmeldt og fekk sine første fem minutt i Voldadrakta. Ho leverte godt der ho skulle, og sikra Volda tre mål på straffekast. Vengane til Volda presterte svært godt i denne kampen, både i etablert angrep og i kontringsfasen, det syner også att på skåringslista under. Sluttresultatet vart imponerande 22-32, og to poeng vert med heim til Sunnmøre. Det er vi stolte av og glade for! 

"Ein veldig bra gjennomført kamp av jentene, som vi kan være godt fornøgde med." seier Halldór etter kampslutt. 

Lone Vik vart banens beste på Volda, og Ida Carlson fekk same utmerkinga på Charlottenlund. No følgjer to gode treningsveker for førstedivisjonslaget, og neste kamp på blokka er 8. desember, ein spennande heimekamp mot Ålgård, som startar klokka 13. andre søndag i advent. 

Det er eit godt fornøgd lag og ein glad trenar som reiser heim frå bartebyen. Dei sender helsingar til Marte Nornes, som skal operere i morgon. Lukke til, Marte, og god tur heim til damelaget! 

Voldalaget i dag: Hilde Søyseth, Auria Ann Ose 3, Sara Dögg Hjaltadottir 3, Kine Kvalsund 4, Fride Heggdal Stølen 2, Ingrid Jamtli Rye 3, Hanna Ræstad 3, Pernille Holsvik Ingebrigtsen 3, Hedda Iversen Hagen, Ingeborg Furunes, Lone Vik 2, Maria Ulla 6, Aleksandra Zimny 3

Dommarar var Steinar Martinsen og Pål Alexander Valbjør.